Lastar Hendingar
Kristin Asbjørnsen, Ablaye Cissoko og Olav Torget

Kristin Asbjørnsen med Ablaye Cissoko og Olav Torget: Traces of You

  • Denne hending er over.
sundag 9. april

Kl 18:30

Kristin Asbjørnsen er ei av dei mest originale, kritikarroste og kraftfulle stemmene i norsk jazz og verdsmusikk. Om ein skulle lage ei liste over dei vakraste konsertopplevingane ein har hatt dei siste åra, ville nok ho ha kome høgt opp hjå mange, anten det er som soloartist eller i eitt av mange samarbeidsprosjekt.

Våren 2016 innleidde ho eit samarbeid med koraspelar Ablaye Cissoko og gitarist Olav Torget som opna nye dører i hennar mangefasetterte musikkunivers. Kristin har skrive heilt nye songar. Samarbeidsprosjektet «Traces of You» var hennar bestillingsverk til Global Oslo Music og det ber preg av vestafrikansk tradisjonsmusikk, visesong og kontemplativ, nordisk jazz. I eit vakkert og originalt kammermusikalsk lydlandskap vert sildrande kora, gitarar og song til eit organisk, fullendt uttrykk. I «Traces of You» har Asbjørnsen funne eit uttrykk som er like enkelt og heilstøypt som det er vakkert, og som verkeleg visar breidda i hennar musikalske personlegdom.

Kristin Asbjørnsen – vokal
Ablaye Cissoko – kora, vokal
Olav Torget – gitar, vokal

Asle Karstad – lyddesign
Ola Bråten – lysdesign

Presentasjon av «Traces of You» – Asbjørnsen/Cissoko/Torget:

https://youtu.be/xL5R3_atNC8

Høyr òg den nye demolåta «Finally» (tekst og musikk Kristin Asbjørnsen):

 

https://youtu.be/UkAwXyD0cY8

Og her er lenke til fleire smakebitar: https://www.youtube.com/user/costadelljan

English:
Kristin Asbjørnsen is one of the most original and celebrated voices in Norwegian jazz and world music. She is known for her powerful voice and great songwriting, and her modern, jazzy take on the great African spirituals tradition. In 2016 she started a collaboration with Senegalese kora player Ablaye Cissoko and the Norwegian guitarist Olav Torget. Their project, «Traces of You», is a original and beautiful mix of West African traditional music and Nordic jazz.