sundag 9. apr - 13:00

Årets urframføring på Badnajazz er eit samarbeid mellom born og ungdom frå Voss og det norske latinbandet Mambo Compañeros, Noregs leiande salsaband dei siste 20 åra! Her kan du oppleva blåsarar, trommeslagarar, strykarar og dansarar frå Voss Kulturskule, Voss Skulemusikk sine drilljenter og ikkje minst Vossa Jazz sitt eige Badnajazzkor. Me kan garantera heftige rytmar og spansk song frå dei karibiske øyar – spørsmålet er vel om publikum klarar å sitja stille på plassen sin?

Mambo Compañeros med born og ungdom frå Voss