• This event has passed.
laurdag 8. apr - 21:00

Sondre Lerche kjem til Vossa Jazz 2017!

Sondre Lerche er ein av desse sjeldne musikarane som alltid er fullt og heilt seg sjølv. Han har eit distinkt særpreg, fordi personlegheiten hans skin gjennom musikken han lagar. Han har ein fantastisk energi, og ein utruleg teft for den gode melodien og det fengjande refrenget. Sidan han debuterte som 19-åring med suksessalbumet Faces Down har han jamnleg kome med album som har stadfesta posisjonen hans som ein av Noregs viktigaste pop-artistar. Den nyaste singelen hans, “I’m Always Watching You”, er ein leiken og fengjande song om kjærleik og sosiale medier – ei catchy pop-perle i moderne Whitney Houston-møter-Prince-stil.

Lerche gler seg stort til konserten på Vossa Jazz, fordi han då får ein mogleheit til å «jazza opp» settet sitt litt meir enn vanleg. Det er eit preg av jazz og improvisasjon i melodiane til Lerche – i dei voldsame krumspringa, og det leikne forholdet til rytme og akkordar. Sondre Lerche har vore ein av Noregs viktigaste artistar gjennom ei årrekkje, og me gler oss til å sjå det fantastiske live-showet hans på Vossa Jazz!

Sondre Lerche – vokal, gitar
David Heilman – trommer
Alexander von Mehren – tangentar
Chris Holm – bass

www.sondrelerche.com

Konserten inngår i billetten huskort laurdag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten.

English:
Sondre Lerche is one of the most distinct and idiosyncratic voices in Norwegian pop music. He has a fantastic energy, and a great feel for the interesting melody and catchy refrain. His new single, I’m Always Watching You, is a playful song about love and social media, in a fresh Whitney Houston-meets-Prince-style! Lerche is looking forward to «jazzing up» his set at next years Vossa Jazz. His take on the pop-genre is based on melodic leaps, surprising turns and playful improvisation – the perfect fit for our festival!