Lastar Hendingar
Busi Ncube

Busi Ncube: Usiko

  • Denne hending er over.
fredag 7. april

Kl 19:00

Me har gleda av å presentera Usiko av Busi Ncube – eit nytt verk bestilt av Global Oslo Music som vert urframført som opningskonsert på den 44. festivalen! Vossa Jazz er svært stolt av dette samarbeidet.

Busi Ncube frå Zimbabwe er busett i Oslo og har gjennom tretti år styrkja sitt ry internasjonalt som ein av Zimbabwes fremste artistar og ambassadør for landets musikktradisjonar. Den inngåande kjennskapen ho har til den spanande musikken frå heimlandet sitt skal ho no dela med Vossa Jazz-publikummet!

Zimbabwe har ein særs rik musikktradisjon, som femner om fleire språk, rytmemønster, vokaltradisjonar og eit utal ulike instrument. Ncube beherskar både språka, rytmane og instrumenta, og er ein særs god formidlar. I heimlandet har det gode språkøyret gjort ho særs viktig, fordi ho har kunna spreia musikktradisjonar vidare som tidlegare har vore øyremerkt ei folkegruppe og eit språkområde. I verket Usiko har Ncube utforska nye tolkingar av urtradisjonar frå Zimbabwe med særleg vekt på det rike omfanget av rytmar som eksisterer og ved å blanda elektriske element med dei akustiske tradisjonsinstrumenta. Verket vil òg trekka vekslar på sørafrikansk jazz og polyfonisk song frå regionen. Med seg på scena har ho det norske bandet sitt og gjestevokalistar frå Zimbabwe.

Busi Ncube – mbira, vokal, hosho
Antonio Torner – trommer
Dag Pierre – gitar
Petter Barg – bassgitar
Raymond Sereba – perkusjon
Ivan Mazuze – saksofon
Sihle Hlaseka – vokal
Sibusiso Mhlanga – vokal
Carmen Hwarara – vokal

 

Global Oslo Music er ein konsertarrangør og kurator som består av eit kollektiv med skapande utøvarar som gjennom klubb- og konsertverksemd, kunstnarresidensar, bestillingsverk og fagseminar lar musikktradisjonar frå heile verda møta nye musikalske uttrykk og teknikkar.

 

Erlend O. Nødtvedt får æra av å opna Vossa Jazz 2017!

Lyrikaren Nødtvedt debuterte med diktsamlinga Harudes i 2008 og han har motteke ei rekke prisar som Ung poesi-prisen, Bergensprisen, Bjørnsonstipendet og Bokhandlernes Forfatterstipend. Sterke samarbeidet har vorte til med musikarar som Nils Økland, Erlend Apneseth, Kjetil Møster, Berit Opheim, BFO og Espen Eriksen trio. I 2015 vart Nødtvedt kåra til ein av Noregs 10 beste forfattarar under 35 år av Morgenbladet og Litteraturfestivalen på Lillehammer. 7. april står han i Vossasalen med nyskriven tekst og opnar den 44. Vossa Jazz!

Erlend O. Nøtvedt

English:
Vossa Jazz and Global Music Oslo presents the commisioned work Usiko by Busi Ncube! Busi Ncube is one of Zimbabwe’s biggest international artists, and an important ambassador for the country’s rich music traditions. Music from Zimbabwe spans many languages, rythms, vocal traditions and instruments. Ncube has thorough knowledge of all these aspects of Zimbabwe’s music traditions, and in Usiko she will give the listeners a fresh take on these traditions, by mixing traditional acustic instrumentation with electric impulses, and the polyfonic vocal traditions of the region with South African jazz inspiration.

The Bergen-based poet Erlend O. Nødtvedt will make the opening speech.