Lastar Hendingar
Ingrid Olava og Andreas Ulvo, laurdag 8. april

Ingrid Olava/ Andreas Ulvo duo

  • Dette arrangementet er ferdig.
laurdag 8. april

Kl 21:30

Verdspremiere: Ingrid Olava og Andreas Ulvo presenterer sitt nye duoprosjekt på Vossa Jazz!

I snart ti år har Ingrid Olava berika musikk-Noreg med dyktig låtskriving, ei særprega stemme og vakkert pianospel. Sist gong ho spelte på Vossa Jazz var i 2010, då hadde ho nett sleppt suksessalbumet «The Guest», som mellom anna inneheld hiten «Warrior Song». Endeleg kjem ho attende, denne gongen saman med tangentmeisteren Andreas Ulvo, som mange har sett saman med mellom andre Mathias Eick Quintet, Ellen Andrea Wang, Karl Seglem og Solveig Slettahjell.

Olava og Ulvo har samarbeidd i ei årrekke, men no kjem dei saman i eit nytt prosjekt med fokus på stemma og flygelet. Dei har teke tak i sine «guilty pleasures» frå musikkhistoria, og alt frå jazz, folkemusikk, viser og 90-talspop er representert, i personlege og originale tolkningar. Hausten 2017 slepp dei sitt debut-album, men den fyrste live-framføringa av repertoaret skjer på Vossajazz 2017!

Ingrid Olava – vokal
Andreas Ulvo – tangentar

Konserten inngår i billetten huskort laurdag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten.

English:
Ingrid Olava has enriched the Norwegian music scene through ten years with great song writing, a distinct voice and beautiful piano music. The last time she visited Vossa Jazz she had just released her success album «The Guest» (2010). Finally she returns, this time with the great keyboard player Andreas Ulvo (Mathias Eick Quintet, Ellen Andrea Wang, Karl Seglem, Solveig Slettahjell). The two will release an album together the Autumn 2017 – an exploration of guilty pleasures from different genres and musical periods. Vossa Jazz is proud to present the duo’s first concert with this fresh repertoire!