Program 2020

Slik var programmet til 2020-festivalen, før pandemien sette ein stoppar for det:

  • Vossakveik: Voss – bygd for endring?

    Vossakveik er seminaret som skal inspirera og engasjera, me vil fyra opp til god kveik!

    torsdag 2. april

    15:30

  • Hildegunn Øiseth Quartet

    I møtet mellom det tradisjonelle norske bukkehornet og dei internasjonale inspirasjonskjeldene har Øiseth og kvartetten hennar skapt musikk som hevar seg høgt over landegrenser og kulturelle skilnader

    fredag 3. april

    TBA

  • Jaga Jazzist

    I over 25 år har Jaga Jazzist helde stand som eitt av landets beste, viktigaste, mest interessante og kompromisslause band. Dei har tidlegare vitja festivalen i 2005 og 2014 – og no gler me oss stort til å sjå dei igjen!

    fredag 3. april

    TBA

  • Femi Kuti & The Positive Force

    Afrobeat-kongen Femi Kuti kjem til Vossa Jazz 2020!

    fredag 3. april

    TBA

  • Gard Nilssen Acoustic Unity

    Dette er leiken, heilstøypt og halsbrekkande akustisk triojazz, med frisk smak av 60-tal og hardbop.

    fredag 3. april

    TBA

  • Needlepoint

    Kva skjer om ein kombinerer Robert Wyatt og Syd Barrett sine melodiske verdsbilete med dei beste og sprøaste bitane frå 70-tals fusion og progrock? Pluss litt av den lause og leikne kjensla av tidleg Weather Report og det drivande groovet til Chic Corea-plata Return to Forever?

    fredag 3. april

    TBA

  • Foto Helge Skodvin

    Skarbø Skulekorps

    Korpsbevegelsen har fått eit uventa løft, med supertrommis og tidlegare Vossa Jazz-prisvinnar Øyvind Skarbø si nye hovudsatsing Skarbø Skulekorps!

    fredag 3. april

    TBA

  • Jonas Alaska

    Jonas Alaska er ei av dei sterkaste røystene i den nye generasjonen med norske låtskrivarar. Sidan den Spellemann-vinnande platedebuten i 2011 har han vore ein fast leverandør av kvalitetsmusikk i skjæringspunktet mellom catchy pop, klassisk rock og djup visekunst.

    fredag 3. april

    TBA

  • Jazzlinja i Trondheim: Jazzraptor

    Kva har skjedd med jazzen?

  • Griegakademiet

    Jazzlinja ved Griegakademiet er eit lite, men kraftfullt ensemble som leverer eigenkomponert musikk av beste merke.

    fredag 3. april

    16:00

  • Opning Vossa Jazz-utstilling: Tom S. Kosmo

    Handverk står sentralt i produksjonen hans, som omfattar ei rekke ulike media og uttrykk, som måleri, teikning, grafikk og skulptur. Verka hans opptrer ofte i installasjonar der store veggteikningar har ei sentral rolle, og slik blir det også ved årets festivalutstilling!

    fredag 3. april

    17:00

  • Trondheim Jazzorkester & John Scofield

    Trondheim Jazzorkester kjem til Vossa Jazz med supergitarist John Scofield!

    fredag 3. april

    19:00

  • Sheila Jordan & Cameron Brown

    Jazzpioneren Sheila Jordan kjem attende til Vossa Jazz!

    fredag 3. april

    20:45

  • Kjartan Fløgstad band

    Sjølvaste Kjartan Fløgstad kjem til Vossa Jazz med det nye bandet sitt!

    fredag 3. april

    21:00

  • Arctic Ice Music

    Terje Isungset markerer 20 år med is-musikk på Vossa Jazz 2020! Dette vert ei eineståande konsertoppleving, der Isungset tek med seg eit knippe fantastiske artistar som sjølv har erfaring og bakgrunn frå arktiske forhold.

    fredag 3. april

    22:45

  • Gnawa Youmala

    Gnawa Youmala er ei Paris-basert gruppe som vart starta av Jaouad El Garouge og Redouane Raifak, som tidlegare spelte i den legendariske marokkanske gruppa Nass El Ghiwane.

    laurdag 4. april

    TBA

  • Hanna Paulsberg Concept + Magnus Broo

    Uansett kva konstellasjon Hanna Paulsberg opptrer i, sit ein att med kjensla av å ha vore vitne til ein sterk og kreativ musikar, med sterke band til norsk og internasjonal jazzhistorie.

    laurdag 4. april

    TBA

  • Jazzintro: Hein Westgaard Trio

    Hein Westgaard Trio er eit musikalsk eksperimentarium der alt er lov: Jazz, country, rock, fri improvisasjon, klassisk-, samtids- og folkemusikk glir saman til ein heilskap der skillet mellom komposisjon og improvisasjon er flytande og elastisk.

    laurdag 4. april

    TBA

  • Jazzintro: Kongle Trio

    Den ferske, Oslo-baserte jazzgruppa Kongle Trio er tufta på speleglede, musikalsk kjemi, melodisk improvisasjon og utradisjonelle låtstrukturar.

    laurdag 4. april

    TBA

  • Friends & Neighbors

    Energisk og melodiøs frijazz på sitt beste!

    laurdag 4. april

    TBA

  • Bare Egil Spellemannslag

    Bare Egil Spellemannslag er det siste tilskotet til den absurde bandfloraen som kretsar kring den humoristiske visekongen Egil Hegerberg.

    laurdag 4. april

    TBA

  • Kulturvandring

    Vandring frå Vangskyrkja via Finnesloftet og konsert med TOIVO til Mølstertunet.

    laurdag 4. april

    11:00

  • Jazznytt18

    Møt årets Tingingsverk-komponist! Kva hende på vegen frå Oppdal via Austin, Texas til Voss?

    laurdag 4. april

    11:00

  • Badnajazzparade

    Store og små er hjarteleg velkomne til å vera med, og du kan ta med instrument om du vil.

    laurdag 4. april

    11:30

  • Morgonrode

    Morgonrode blandar tradisjonell norsk folkemusikk med jazz og improvisert musikk på ein rå, drivande og utforskande måte.

    laurdag 4. april

    12:00

  • Badnajazz: Forfattartreff med Atle Hansen

    Atle Hansen er festivalforfattar på Falturiltu 2020

    laurdag 4. april

    12:00

  • TOIVO

    Med utspring frå Griegakademiet i Bergen, kjem TOIVO med musikk inspirert frå amerikansk sekstitalsjazz – tenk Don Cherry og Charles Mingus – i moderne norsk drakt

    laurdag 4. april

    12:00

  • Foto Helge Skodvin

    Badnajazz: Skarbø Skulekorps og Voss skulemusikk

    I 1992 reiste Øyvind Skarbø på sin første korpstur nokon sinne. Til Voss. Dette sette så djupe spor, at han den dag i dag har sitt eige skulekorps, Skarbø Skulekorps.

    laurdag 4. april

    12:45

  • Bra damer på Vossa Jazz

    Sidan 2016 har Guri Solberg intervjua godt over hundre kvinner i podcasten Bra damer. Artistar,  skodespelarar, idrettsutøvarar og andre engasjerte kvinner har fortalt om familieliv, karriere, komplekser, sex og ambisjonar.

    laurdag 4. april

    13:00

  • Klangen av Hoem

    ”Ei framsyning for minnebøkene”, vart det sagt, då Ine Hoem og Erlend Skomsvoll med orkester hylla 70-årsjubilanten og forfattargiganten Edvard Hoem med eit utseld bestillingsverk for Moldejazz 2019.

    laurdag 4. april

    14:00

  • Jazzkafé og konsert med JAZZRAPTOR

    I samarbeid med Voss Resort syter me for god jazzstemning på Hangurstoppen med spesialpris på gondolen heile laurdagen! Kr 245,- t/r

    laurdag 4. april

    14:00

  • Eldrejazz: Siril Malmedal Hauge

    Siril Malmedal Hauge er ein særs spanande og allsidig jazzvokalist med sterke røter i jazztradisjonen.

    laurdag 4. april

    14:30

  • Espen Berg Trio

    Musikken på tredjealbumet til Espen Berg Trio, Free to play, er tydeleg influert av amerikansk jazztradisjon, blanda med nordiske klangar og stor eksperimentvilje frå Berg, bassist Bárður Reinert Poulsen og Simon O. Albertsen.

    laurdag 4. april

    15:00

  • Hanne Ørstavik og Kristin Asbjørnsen

    Take my mother home er ei meditativ og spirituell konsertoppleving der nyskrivne tekstar av forfattar Hanne Ørstavik møter Kristin Asbjørnsen sine tolkingar av spirituals, tonesatt av gitarist Olav Torget.

    laurdag 4. april

    15:45

  • Ingebrigt Håker Flaten – Tingingsverket

    Ingegrigt Håker Flaten skriv Tingingsverket til Vossa Jazz 2020!

    laurdag 4. april

    18:00

  • Sagn

    Arild Andersen, Kirsten Bråten Berg, Bugge Wesseltoft, Frode Alnes, Bendik Hofseth og Helge Nordbakken kjem tilbake med Tingingsverket Sagn, nesten på dagen 30 år etter urframføringa i 1990!

    laurdag 4. april

    20:00

  • Jazznytt18

    Samtale med Oddrun Lilja om korleis inntrykk frå verdas ulike musikktradisjonar finn ein felles heim.

    sundag 5. april

    11:00

  • Linus + Økland/Van Heertum/Zach

    Drøymande, stillferdig og akustisk samtids-folk-jazz vert kombinert med elektroniske element på ein elegant og innovativ måte.

    sundag 5. april

    12:00

  • Badnajazz: Skakke sanger og Badnajazzkoret

    Britt-Synnøve, John, Johan og Badnajazz-koret bur i ei merkeleg verd, saman med spøkelse, vampyrar, farlege fiskar og ein dansande krokodille, blant anna!

    sundag 5. april

    13:00

  • Irene Tillung med Ti på Taket

    Irene Tillung og Ti på taket med nyskrive verk til Vossa Jazz!

    sundag 5. april

    13:30

  • Superjazz med Agbalagba Daada!

    Det kan ikkje verta anna enn supert når Terje Isungset og Per Jørgensen skal kasta seg ut i leik,  improvisasjon og spontane innfall.

    sundag 5. april

    14:00

  • Husmann

    Korleis var livet på husmannsplassar i Hardanger i gamle dagar?

    sundag 5. april

    15:00

  • Petter Wettre

    Med den siste innspelinga - The Last Album - og konserten på Vossa Jazz, openberrer Wettre ei meir lyrisk og stillfaren side, gjennom kjenslevare melodiar og varsame komposisjonar.

    sundag 5. april

    15:00

  • Mathias Eick – Kind of Blue

    Me er svært glade for å kunne gje alle jazzelskarar endå ein sjanse til å høyre denne fantastiske hyllesten av eitt av dei viktigaste albuma i jazzhistoria.

    sundag 5. april

    17:00

  • Solveig: .. peer aspera ad astra

    Ein teaterkonsert og eit musikalsk eventyr, ei framsyning som motbevisar Ibsen!

    sundag 5. april

    18:45

  • Eva Weel Skram

    Ho har verkeleg treft ei nerve hos det norske musikkpublikummet med stemningsfull og harmonisk musikk i skjæringspunktet mellom pop, visesong og folkemusikk.

    sundag 5. april

    20:30