Lastar Hendingar

Femi Kuti & The Positive Force

  • Denne hending er over.
fredag 3. april

Kl TBA

Afrobeat-kongen Femi Kuti kjem til Vossa Jazz 2020!

Faren Fela Kuti var ein pionér og ei stjerne innan den rytmedrivne, vestafrikanske miksen av jazz, funk, highlife og yorubamusikk som har fått namnet afrobeat. Sjangeren kan gjerne skildrast med enklare ord: Dette er musikk av den typen som får ein til å danse til ein gløymer tid og stad. Drivande, fengslande og groovy greier med mangslungen perkusjon og tekstar med politisk brodd.

Sonen Femi byrja å spele i bandet til faren på 80-talet, og han fekk snart ein sjølvstendig karriere som bandleiar for gruppa Positive Force. Han tok over afrobeat-trona etter faren, då han gjekk bort sist på 90-talet.

Sidan då har Femi berre vorte betre, større og viktigare. Han har jobba kontinuerleg med å finne balansen mellom sjangerutviding og respekt for dei vestafrikanske musikktradisjonane uttrykket hans spring ut av. Ein finn spor av både hiphop, r&b, punk og rock i låtane hans, utan at dette er teikn på utvatning – tvert imot. Femi Kuti er tru mot seg sjølv, sin bodskap og si musikkjensle på ein måte som det står respekt av.

Dette sa Femi sjølv om sisteplata One People One World:

On this album, I kept to my roots and let the music flow through me, without diluting it. I didn’t think funk, or Afrobeat, or anything else. If you hear something in the melodies, it may be there, but as a composer, I surrendered to the higher forces that give me this gift to play music and let it flow out of me.

Med eit genuint politisk engasjement som drivkraft har Femi Kuti òg vorte ein sentral aktør innan internasjonalt humanitærarbeid. Som talsmann for UNICEF og deira arbeid for born, utdanning og førebygging av HIV og AIDS, har Femi vorte ei høgt akta røyst og ein stor inspirasjon innan arbeid mot kolonial mentalitet og humanitære og økonomiske vanskar.

Våren 2020 kjem det eit nytt album frå Femi Kuti og bandet. Denne gongen trer endå ein generasjon Kuti med: Sonen Made Kuti var med på plata, på saksofon, bass og diverse instrument. Me gler oss stort til å sjå, høyre og danse med Kuti’ane og bandet på Vossa Jazz 2020!

Femi Kuti vokal
Omorinmade Anikulapo-Kuti – bass
Opeyemi Awomolo – gitar

Oluwaseun Ajayi – keyboard
Kate Udi – kor, dans
Anthonia Bernard –  kor, dans
Olajumoke Adigun –  kor, dans
Gbenga Ogundeji –  trompet
Anthony Ankra –  trombone
Ayodeji Adebanjo – tenorsaksofon
Ayoola Magbagbeola – barytonsaksofon
Alaba Ayodele – trommer
Gaelle Salomon – perkusjon

Konserten inngår i billetten Huskort fredag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten.