Eldrejazz: Siril Malmedal Hauge

laurdag 4. apr - 14:30

Siril Malmedal Hauge er ein særs spanande og allsidig jazzvokalist med sterke røter i jazztradisjonen. I 2019 kom Uncharted Territory: debutplata hennar som bandleiar. Med ei perfekt blanding av popenergi og melodisk jazz i singer-songwritertradisjon overtydde den unge jazzsongaren frå Langevåg og det strålande bandet både platemeldarar og publikum:

«Sammen med sitt formidable mannskap lander sangeren og låtskriveren sitt ambisiøse prosjekt silkemykt og fjellstøtt, og underlegger seg det fremmede territoriet på et overbevisende sett», skreiv Terje Mosnes i ein plateomtale i Jazz i Norge.

Malmedal Hauge meistrar både ljos og skugge i sine melodiar og si tekstverd, men til sjuande og sist er det glede, livskraft og varme som vinn fram som den viktigaste grunntona i musikken hennar.

Siril Malmedal Hauge – vokal
Kjetil André Mulelid – piano, orgel