Husmann

sundag 5. apr - 15:00

Korleis var livet på husmannsplassar i Hardanger i gamle dagar?

Kvemmadokkje er namnet på ein vakker og godt bevart husmannsplass frå omlag 1820, som ligg på Børsheim gard i Ulvik. Denne staden har vorte utgongspunkt for ei heilt spesiell musikkteaterframsyning, som vart urframført sommaren 2019.

Med manus skrive av den prisløna forfattaren Ruth Lillegraven frå Granvin, musikk komponert av dei fantastiske folkemusikarane Rannveig Djønne og Annlaug Børsheim, skodespel av Morten Svartveit og Kjærsti Odden Skjeldal og folkedans av Torkjell Lunde Børsheim vart dette eit verk med kvalitet i alle ledd og sterk lokal og historisk tilknyting. Framsyninga var rett og slett altfor bra til å berre verte framført den eine gongen!

Forfattar Lillegraven har dukka djupt ned i det historiske materialet, gjennom både skriftlege kjelder og lokale ressurspersonar. Ho jobba for å få til ei nyansert og røyndomstru skildring. Dette fortalde ho til Avisa Hordaland i førekant av urframføringa:

Det handlar om levde liv tilbake i tid. Men Husmann vert ikkje eit portrett av eitt menneskeliv. Det vert ei skildring av mange menneske og lagnader, og av ei tid og ein måte å leva på. Det var mykje hardt arbeid og fattigdom, men eg prøver å få fram at livet var meir enn det, også den gongen. Folk gjekk på fest, folk vart forelska, ungar vart fødde.

Rannveig Djønne – toradar
Annlaug Børsheim – feler, gitar, song
Morten Svartveit – skodespel
Kjærsti Odden Skjeldal – skodespel
Torkjell Lunde Børsheim – folkedans

English:

How was life in the crofts [small, rented farm] of Hardanger in the early 19th century? The award winning writer Ruth Lillegraven has teamed up with a great group of musicians, actors and dancers from Hardanger, to tell a story based on historical material from the life at Kvemmadokkje 200 years ago.

Sjå her for filmsnutt frå urframføringa