I 1992 reiste Øyvind Skarbø på sin første korpstur nokon sinne. Til Voss. Dette sette så djupe spor, at han den dag i dag har sitt eige skulekorps, Skarbø Skulekorps. Der han ikkje berre er trommeslagar, men også komponist, dirigent, foreldrevakt, leiar og materialforvaltar.
Når Øyvind og korpset hans no reiser tilbake til Voss på korpstur, er det for å laga ein Badnajazz-konsert du aldri har sett eller høyrt makan til!
Forsterka med Voss skulemusikk og illustratør Fredrik Rysjedal, har Øyvind og trompetist Stian Omenås laga ny musikk til dette superkorpset. Vi kan røpe såpass: Dette gir ikkje assosiasjonar til 17. mai, men kanskje heller 35. mars 2057 på planeten Jupiter.
Øyvind Skarbø – trommer, banjo
Stian Omenås – trompet
Signe Emmeluth – altsaksofon, elektronikk
Chris Holm – bass, synth
Fredrik Rysjedal – teikning/video
Voss skulemusikk