Lastar Hendingar

Jazzintro: Kongle Trio

  • Denne hending er over.
laurdag 4. april

Kl TBA

I samarbeid med Nattjazz, Maijazz, Kongsberg Jazzfestival, Moldejazz og Norsk jazzforum skipar Vossa Jazz til Jazzintro for 12. gong.

Jazzintro er eit lanseringsprogram for unge norske jazzmusikarar og bandet som går av med sigeren vil dei to påfølgande åra få ei lanseringspakke som inneheld konsertar på klubbar og festivalar i samarbeid med dei regionale jazzsentra. I tillegg får bandet eit arbeidsstipend frå Gramo på 150 000 kroner.

Kongle Trio er eitt av dei to banda som skal spela på Vossa Jazz.

Den ferske, Oslo-baserte jazzgruppa Kongle Trio er tufta på speleglede, musikalsk kjemi, melodisk improvisasjon og utradisjonelle låtstrukturar. Dei unge, talentfulle musikarane heldt sin fyrste konsert saman våren 2019, og jobbar no målretta med debutalbumet som er planlagt i 2020.

Liv Andrea Hauge – piano
Hannah Veslemøy Narvesen – trommer
Øystein Skjelstad Østensen – kontrabass

Konserten inngår i billetten huskort laurdag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten.