Lastar Hendingar

Vossakveik: Voss – bygd for endring?

  • Denne hending er over.
torsdag 2. april

Kl 15:30

Vossakveik er seminaret som skal inspirera og engasjera, me vil fyra opp til god kveik!

Me inviterer til ei forrykande samkoma med innblikk i kva endringar som skjer i samfunnet. Den digitale revolusjonen er over oss, og korleis skal du få inspirasjon til å takla endringane…? Det vert humor, musikk og engasjerte innlegg:

Eirik Norman Hansen
Eirik Norman Hansen er ein ekte teknologioptimist, er du redd for at robotane skal ta over jobben din er det verdt å lytta til denne mannen. Norman Hansen skal snakka om kva teknologi betyr for oss menneske og samfunnet og korleis dette formar verda no – og i tida som kjem. Litt skremt og spent på alt som skjer på den teknologiske fronten;  nytt høve til å høyra Erik Norman Hansen!

Kathrine Aspaas
Kathrine Aspaas er kjent frå sine mange år som kommentator og skribent i Aftenposten, ho har også skrive bestseljaren Raushetens tid der ho hevdar at me går mot ein meir open, raus tidsalder; den emosjonelle revolusjonen.  Kva skjer med mennesket i ei digital verd og korleis ser jobbane våre ut framover? Aspaas hevdar sjølvinnsikt og emosjonell intelligens veks fram som dei store suksesskriteria i arbeidslivet. Korleis dette skal gå for seg skal ho formidla med humor og kunnskap!

Vigdis Jordal
Vigdis Jordal er ein engasjert, kraftfull og profesjonell formidlar som med humor, poesi og menneskeleg varme inspirerer til arbeidsglede og endringsvilje. Under Vossakveik skal ho ta oss med på ei undringsreise i den digitale revolusjonen og det menneskelege engasjementet. Teknologien i rakettfart og evolusjonen i skjelpaddefart

Eksklusive smakebitar frå årets Tingingsverk
Møt årets komponist, Ingebrigt Haker Flaten. Laurdag 4.april skal han levera det 39. verket i den stolte Vossa Jazz-soga. Han har med seg ein internasjonal oktett sett saman for anledninga og DU kan vera den fyrste som får høyra smakebitar frå verket hans: EXIT KNARR

Prisen inkluderer ei eining drikke og Vossa Jazz-pølse.

Velkomen til Vossakveik 2020!

Vigdis Jordal
Vigdis Jordal