Sagn

laurdag 4. apr - 20:00

Arild Andersen, Kirsten Bråten Berg, Bugge Wesseltoft, Frode Alnes, Bendik Hofseth og Helge Nordbakken kjem tilbake med Tingingsverket Sagn, nesten på dagen 30 år etter urframføringa i 1990!

Om ein skal rangera alle Vossa Jazz sine Tingingsverk etter musikalsk kvalitet, nyskaping og omfang på presseomtalar er Sagn av Arild Andersen frå 1990 eitt av dei som absolutt fortener pallplassering. Dette var eit nybrottsarbeid i skjæringspunktet mellom jazz og norsk folkemusikk – Sagn har vorte ståande som definerande innanfor denne hybridsjangeren.

Ein slik sjangerblanding står ofte i fare for å falle i ei av to grøfter: Enten vert det «oppjazza folkemusikk», eller «jazz i folkemusikkdrakt». Med Sagn viste Arild Andersen, Kirsten Bråten Berg og dei framifrå musikarane i bandet at det finst ein tredje veg, som krev musikalsk balansekunst på høgt nivå, og er desto meir fruktbar.

Arild Andersen fekk stor respekt for folkemusikken etter å ha høyrd Bråten Berg syngja. Då han komponerte låtmaterialet til Sagn, ville han at musikken skulle retta seg etter folketonane, og ikkje omvendt, som han forklarte i eit intervju i 1990:

Jeg hadde veldig lyst til å beholde folkemusikken helt sånn som Kirsten synger det, og bare improvisere på den stemningen som denne musikken gav. Ikke nødvendigvis på skalaen engang, men bare på den stemningen, og da hentet jeg fram dette fra frijazzen. Det å bare kunne ta en liten lyd å improvisere på, fikk jeg på en måte bruk for igjen. Jeg tenkte et sånn veldig lite rom hvor folkemusikken eksisterer, men hvor man får lov til å søke rundt i hjørnene innenfor den ramma med å improvisere. Og det ble etter hvert det som blei viktig for meg når jeg jobba videre med Kirsten, ikke å lage å lage jazzmusikk ut av folkemusikken.

Sagn vart ein stor suksess – både den bejubla konserten på Vossa Jazz og den kritikarroste plateinnspelinga av verket, som kom ut på Kirkelig Kulturverksted og ECM året etter.

Under kan de lese nokre presseklypp fra festivalhelga 1990.

Kirsten Bråten Berg – vokal
Bendik Hofset – saxofon
Frode Alnes – gitar
Bugge Wesseltoft – piano, tangentar
Arild Andersen – bass
Helge Andreas Norbakken – perkusjon

 

Arild Andersen – Sagn. Konsertomtale frå BT 09.04.1990

Arild Andersen – Sagn. Konsertomtale frå BT 09.04.1990

Arild Andersen – Sagn. Konsertomtale frå BA 09.04.1990

Arild Andersen – Sagn. Konsertomtale frå BA 09.04.1990

Arild Andersen – Sagn. Førehandsomtale frå BT 07.04.1990

Arild Andersen – Sagn. Førehandsomtale frå BT 07.04.1990

Kirsten Bråten Berg – Sagn. Presseklypp frå Klassekampen 10.04.1990

Kirsten Bråten Berg – Sagn. Presseklypp frå Klassekampen 10.04.1990