Lastar Hendingar

Ingebrigt Håker Flaten – Tingingsverket

  • Denne hending er over.
laurdag 4. april

Kl 18:00

Ingebrigt Håker Flaten har sidan midten av 90-talet vore ein av dei mest sentrale musikarane på den norske jazzscena. Han har samarbeida med ei lang rekkje norske og utanlandske musikarar, og har gjennom si opne tilnærming til musikken vist stor kunstnarisk breidde i ei rekkje ulike band. Ingebrigt Håker Flaten har vore særdeles delaktig i å definera den «nye» norske jazzen, og han er ei naturleg musikalsk drivkraft i kvar ein konstellasjon. I 2019 fekk han Buddy-prisen, norsk jazz si høgste utmerking.  

Til Vossa Jazz kjem han med verket EXIT KNARR, og han har for høvet sett saman ein ny oktett som omfattar eit spanande og internasjonalt ensemble med røter frå Noreg, USA og Slovenia. 

EXIT kan symbolisera retning, frigjering og motstand. KNARR var namnet på skipa vikingane bygde på 1000-talet, og symbolikken i denne konteksten kan spegla tradisjon og dei mange inspirasjons-kjeldene Håker Flaten har blitt påverka av etter mange år som omreisande og arbeidande musikar med base i verdsmetropolar som Oslo, Chicago, Mexico City og Austin.

Oktetten vil jobba med ny musikk skriven av Ingebrigt, og han ynskjer med dette nye bandet å vidare få utvikla si eklektiske musikalske verd, ei verd der grensa mellom sjangrer, mellom tradisjonelt og eksperimentelt, mellom undergrunn og tilgjengeligheit lett kan få lov tIl å flyta over i kvarandre.

Ingebrigt Håker Flaten Octett «EXIT KNARR» 

Ingebrigt Håker Flaten (Austin)  komponist, bass https://ingebrigtflaten.com/
Josh Johnson (Los Angeles)  – altsaksofontangentar www.joshjohnsonmusic.com
Jacob Wick (Mexico City/Chicago)   trompet www.jacobwick.info
Atle Nymo  (Oslo)   tenorsaksofonbassklarinett www.atlenymo.com
Oddrun Lilja (Oslo)   gitarvokal www.lilja.world
Kaja Draksler (København/Slovenija)  piano www.kajadraksler.com
Veslemøy Narvesen (Oslo)  trommer 
Frank Rosaly (Amsterdam/Chicago) – trommerelektronikk https://frankrosaly.com 

 

English:
Norwegian composer and bass player Ingebrigt Håker Flaten is this years composer of the Main Comissioned Work. He has been one of the key figures in the Norwegian jazz scene since the mid 90s, and is known for his musical open mindedness and his many groups and collaborative projects. The name EXIT KNARR is a juxtapostion of two words closely related to his musical career: EXIT can symbolize a yearning for freedom and escape, while KNARR is the name of a type of Viking ship popular around 1000 CE. In this context it refers to the importance of tradition and the many travels of Flaten – he is currently based in Austin, Texas, and has previously lived and worked in Oslo, Chicago and Mexico City. For this project he has assembled a brand new octet with backgrounds from Norway, US and Slovenia.