Lastar Hendingar
Foto Helge Skodvin
Foto Helge Skodvin

Skarbø Skulekorps

  • Denne hending er over.
fredag 3. april

Kl TBA

Korpsbevegelsen har fått eit uventa løft, med supertrommis og tidlegare Vossa Jazz-prisvinnar Øyvind Skarbø si nye hovudsatsing Skarbø Skulekorps!

Det heile byrja visstnok med at Skarbø såg at Frogner skolekorps selde alle uniformane sine på finn.no, for ein tusenlapp. Då dukka idéen opp: Kva med å starte eit alternativt skulekorps? Uniformane vart kjøpt, og resten er ein suksesshistorie.

Skarbø fekk oppdraget med å lage bestillingsverk til Nattjazz 2019, og fekk slik høve til å sette saman eit toppa lag med nokre av dei aller beste musikarane i Skandinavia. (Endå eit bevis for kor viktig bestillingar frå festivalar er for musikalsk nyskaping!)

Konserten var ein suksess, og korpset gjekk i Duper studio med Jørgen Træen og laga plate, som kom ut på Hubro hausten 2019. Korpset blåste reint bord hjå musikkjournalistar og platelyttarar.

Berre så ingen korpsentusiastar vert skuffa: Dette er ikkje vanleg korpsmusikk – her er alle spor etter Sousa-marsjar og sur treblås reinska vekk. Skarbø Skulekorps er fengjande og uforutsigbart på same tid, med referansar til så mange sjangrar at det ikkje gir meining å prøve å kategorisere. Afrobeat med techno-bass? Samtidsmusikk for steel-gitar og banjo? 60-tals jazz med 80-tals synth?

Skarbø Skulekorps er korps slik du aldri har høyrt det før.

Signe Emmeluth – altsaksofon, elektronikk
Eirik Hegdal – C Melody saksofon, klarinett
Stian Omenås – trompet
Guostė Tamulynaitė – orgel, synth
Ivar Grydeland – pedal steel, gitar
Chris Holm – bass, synth
Øyvind Skarbø – trommer, banjo
Hans-Olav Molde – lyddesign

Konserten inngår i billetten Huskort fredag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten.