• Denne hending er over.

Sheila Jordan & Cameron Brown

fredag 3. apr - 20:45

Jazzpioneren Sheila Jordan kjem attende til Vossa Jazz!

Ho var her fyrste gong i 1983 som vokalist i Egil Kapstad sin minnekonsert over Bill Evans, og sist gong i 2017, saman med bassist Cameron Brown.

Dei som såg ho sist gong, veit at 91-åringen har ei særs finjustert musikkjensle, stor formidlingskraft og mange sterke forteljingar på lager, frå ei lang og omfangsrik karrière. Dette seier ho sjølv om starten på det heile, i eit intervju med Roald Helgheim i Dagsavisen i 2015:

– Når vart du biten av jazzbasillen?
– Då eg høyrde Charlie Parker. Eg er fødd i Detroit, og vaks opp i Pennsylvania før eg vende attende. Eg tente til livet med anna arbeid, song på små jazzklubbar med ein trio kalla «Skeeter, Mitch and Jean» etter namna på musikarane. Vi var ofte på Parkers konsertar, laga tekstar til musikken hans, og han inviterte meg på scena for å syngje. Til meg var beskjeden klar: «Du skal bli songar», og det fekk eg aldri gløyme sidan. Det var jazzen som berga livet mitt då eg heldt på å øydeleggje det med alkohol og dop, og eg høyrde ei stemme som sa: «Hugs kva du har lova meg».

Dei mange besøka til Noreg og Skandinavia har ført til fleire flotte samarbeid mellom Jordan og nordiske toppmusikarar innan jazzen, som Jan Garbarek, Jon Christensen, Arild Andersen, Palle Danielsson og Bengt Hallberg.

Sheila Jordan er ein pioner innan scat-song, og var ein av dei fyrste som kombinerte denne songteknikken med reint kontrabass-akkompagnement. Dette duoformatet har ho stadig vendt attende til, og no i det siste er det den svært røynde bassisten Cameron Brown ho har tatt med seg, som mellom andre har spelt med Art Blakey, Chet Baker og Don Pullen/George Adams Quartet.

Sheila Jordan – vokal
Cameron Brown – kontrabass

English:
Dubbed “the singer with the million ears” by Charlie Parker himself, due to her great musical listening skills, Sheila Jordan is a true jazz legend. The 91-year-old is a pioneer within scat singing, and was among the first to combine this singing technique with a straight bass accompaniment. She comes to Vossa Jazz with bass player Cameron Brown (Art Blakey, Chet Baker and Don Pullen/George Adams Quartet).