Bare Egil Spellemannslag

laurdag 4. apr - TBA

Bare Egil Spellemannslag er det siste tilskotet til den absurde bandfloraen som kretsar kring den humoristiske visekongen Egil Hegerberg. Frå før har han variantar som Bare Egil Band (berre Egil, åleine med gitaren), Ikke Bare Bare Egil Band Band («berre» Egil med fullt backingband) og Bare Bare Band (der berre backingbandet spelar instrumentalversjonar av Egil sin musikk).

Bare Egil Spellemannslag er den mest rotnorske og tradisjonsklingande konstellasjonen hittil. Her skal Egil kvede og steve låtane sine til akkompagnement av felegnikk og folkemusikalske vendingar frå nokre av dei aller beste tradisjonsmusikarane i landet. Ikkje bli overraska om praten mellom låtane føregår på “tulletelemarksdialekt”!

«Bare Egil har kledd opp låtkatalogen sin i bunad og beltestakk, og det høres rett og slett veldig bra ut», skreiv Ballade.no sin meldar etter ein heidundrande konsert med Bare Egil Spellemannslag hausten 2019, under tittelen «Hverdagssurrealisme i kledelig folkedrakt».

Egil Hegerberg – vokal
Roald Kaldestad – gitar, mandolin
Tuva Syvertsen – fele, hardingfele
Erik Sollid – fele, hardingfele
Gjermund Silset – kontrabass

Konserten inngår i billetten Huskort laurdag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten.