• Denne hending er over.

Bra damer på Vossa Jazz

laurdag 4. apr - 13:00
GRATIS

Sidan 2016 har Guri Solberg intervjua godt over hundre kvinner i podcasten Bra damer. Artistar,  skodespelarar, idrettsutøvarar og andre engasjerte kvinner har fortalt om familieliv, karriere, komplekser, sex og ambisjonar.

TV2-profil og journalist Guri Solberg har vakse opp på Voss, og jobba som frivillig på Vossa Jazz frå 1992 til 2003. Ho møtte også sin musikarmann på festivalen, og har dermed mange og sterke band til
både bygda og festivalen.

På Vossa Jazz møter ho journalist og forfattar Randi Fuglehaug til formiddagsprat i Pianobaren. Fuglehaug debuterte nyleg med krimromanen Fallsjuke, der handlinga er lagt nettopp til Voss.