• Denne hending er over.

Linus + Økland/Van Heertum/Zach

Ruben Machtelinckx og Thomas Jillings frå Belgia har vore musikalske kompanjongar i ei årrekke. Samarbeidet, der dei begge bidreg både som komponistar og instrumentalistar, ber namnet Linus.

Til albumet Felt Like Old Folk (2016) utvida dei duoen med vår eigen Nils Økland på hardingfele, og landsmannen Niels Van Heertum på messingblåsinstrumentet eufonium.

Samarbeidet gav meirsmak, og til sisteplata mono no aware (2017) henta dei like godt inn endå ein nordmann: perkusjonist Ingar Zach. Resultatet vart strålande: På plata kombinerer dei drøymande, stillferdig og akustisk samtids-folk-jazz med elektroniske element på ein elegant og innovativ måte.

The ensemble sketches these lush, dreamy-folky melodies patiently, in no rush to develop into grandiose, complex compositions (Eyal Hareuveni, Salt Peanuts)

This is an adventurous, extremely flexible group of players. They’re not afraid to mix a bit of electronics in with their acoustic instruments, or to cross stylistic lines. Jazz, folk music, classical music and free improvisation are all fair game. There’s also a feeling of welcome to listeners that is rare in experimental music. (All About Jazz)

Nils Økland – hardingfele
Thomas Jillings – klarinett, saksofon, synth
Niels Van Heertum – eufonium
Ingar Zach – perkusjon
Ruben Machtelinckx – gitar, banjo

English:
Ruben Machtelinckx and Thomas Jillings from Belgium has been musical collaborators under the band name Linus for years. For the last albums they have expanded the group by bringing onboard Nils Økland (Hardanger fiddle), Niels Van Heertum (euphonium) and Ingar Zach (percussion). mono no aware (2017) is a dreamy, quiet take on the modern folk jazz hybrid genre, with a tasteful combination of acoustic instrumentation and electronical elements.