Jaga Jazzist

fredag 3. apr - TBA

I over 25 år har Jaga Jazzist helde stand som eitt av landets beste, viktigaste, mest interessante og kompromisslause band. Dei har tidlegare vitja festivalen i 2005 og 2014 – og no gler me oss stort til å sjå dei igjen i 2020!

Jaga Jazzist har alltid nekta å kvile på laurbæra. Gjennom heile karriera har dei fornya seg, funne nye veger og dikta nye musikalske suksessoppskrifter frå album til album, med samtidsjazz, post-rock, klubbmusikk, elektronika og prog-rock som viktige referansepunkt.

Trass all fornyinga og eksperimenteringa har dei utvikla ein sterk identitet – ein kjenner alltid att Jaga! Episk, cinematisk og medrivande er ord som fort dukkar opp om ein skal skildra kjensla musikken deira formidlar.

Gruppa består av drivande dyktige musikarar som på kvar sin kant er bandleiarar, produsentar, teknikarar eller travle studiomusikarar i andre sentrale prosjekt på den norske musikkscena. Kanskje ligg litt av forklaringa på bandet sin suksess her: Alle medlemmane har spanande impulsar og ulike musikalske erfaringar som dei tek med seg inn i Jaga Jazzist-miksen. Dette gjeld ikkje minst syskenparet Lars og Martin Horntveth, som utgjer den harde kjerna som hovudkomponistar i bandet.

Martin Horntveth – trommer, trommemaskin og vokal
Lars Horntveth – tenorsaxsofon, sopransaxsofon, bassklarinett, klarinett, gitar, tangentar
Line Horntveth – tuba, perkusjon, fløyte, melodika, vokal
Andreas Mjøs – vibrafon, gitar, trommer, elektronikk
Marcus Forsgren – gitar, effektar
Even Ormestad – bass, tangentar
Øystein Moen – tangentar
Erik Johannessen – trombone, perkusjon

Konserten inngår i billetten Huskort fredag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten.

English:
Jaga Jazzist has been one of Norway’s most important, exciting and uncompromising groups since they were formed 25 years ago. With their eclectic and powerful mix of contemporary jazz, post rock, club music, electronica and prog rock, they have discovered a musical landscape that really resonates with diverse music lovers from all over the world. Now there are rumors about a new release… They have played at Vossa Jazz in 2005 and 2014 – and now we are looking forward to see and hear them live once again!