• Denne hending er over.

Jazzlinja i Trondheim: Jazzraptor

fredag 3. apr - 13:00
GRATIS

Kva har skjedd med jazzen?

Hundre år har gått sidan jazzen vart skapt – eit improvisatorisk villdyr som rysta og sette djupe spor i musikkverda. Etterkvart vart den institusjonalisert, bunden og temma av sjangeromgrep og musikkbransje. 2. klasse på jazzlinja ved NTNU i Trondheim slepp no endeleg monsteret laus: Eit massivt jazzorkester beståande av seksten av dei aller mest lovande, unge musikarane i Skandinavia brakar saman med originale komposisjonar, vill improvisasjon og eventyrleg samspel.

Isabelle Bjørneraas vokal, fløyte
Liv Ellen Rønning vokal
Jakob Leirvik vokal
Amalie Dahl saksofonar, klarinett
Ask Morris Rasmussen tenorsaksofon
Aksel Rønning tenorsaksofon
Jenny Frøysa barytonsaksofon, bassklarinett
Ola Lømo Ellingsen trompet
Oscar Andreas Haug trompet
Emil Storløkken Åse gitar
Amund Storløkken Åse vibrafon
Eskild Okkenhaug bass
Nicolas Leirtrø bass, barytongitar
Trym Saugstad Karlsen trommer
Emma Lönnestål trommer
August Glännestrand trommer