Lastar Hendingar

Jazzintro: Hein Westgaard Trio

  • Denne hending er over.
laurdag 4. april

Kl TBA

I samarbeid med Nattjazz, Maijazz, Kongsberg Jazzfestival, Moldejazz og Norsk jazzforum skipar Vossa Jazz til Jazzintro for 12. gong.

Jazzintro er eit lanseringsprogram for unge norske jazzmusikarar og bandet som går av med sigeren vil dei to påfølgande åra få ei lanseringspakke som inneheld konsertar på klubbar og festivalar i samarbeid med dei regionale jazzsentra. I tillegg får bandet eit arbeidsstipend frå Gramo på 150 000 kroner.

Hein Westgaard Trio er eitt av dei to banda som skal spela på Vossa Jazz.

Hein Westgaard Trio er eit musikalsk eksperimentarium der alt er lov: Jazz, country, rock, fri improvisasjon, klassisk-, samtids- og folkemusikk glir saman til ein heilskap der skillet mellom komposisjon og improvisasjon er flytande og elastisk. Hovudkomponist Westgaard er opprinneleg frå Oslo, men no basert i København.

Hein Westgaard – gitar
Petter Asbjørnsen – kontrabass
Simon Forchhammer – trommer

Konserten inngår i billetten huskort laurdag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten.