• Denne hending er over.

Badnajazz: Forfattartreff med Atle Hansen

laurdag 4. apr - 12:00
GRATIS

Forfattar og visesongar Atle Hansen gjesta Vossa Jazz fyrste gong i 1984 saman med den engelske poeten Adrian Henri. Han har sidan tidleg på 1970-talet vore aktiv som visesongar og arbeidd mykje saman med forfattarar som Ragnar Hovland, Per Olav Kaldestad og Rune Belsvik. I 1997 debuterte han som forfattar sjølv med barneboka «Sjørøvar-Jenny og Einauge Bill». Sidan har han gjeve ut over 20 romanar for born, ungdom og vaksne, i tillegg til ei rekke plater. Dei siste åra har han særleg arbeidd med lettelsne bøker for større born og ungdom.

Atle Hansen er festivalforfattar på Falturiltu 2020, verdas første nynorske barnebokfestival som finn stad på Stord i veke 45 kvart år.