Lastar Hendingar

Arctic Ice Music

  • Denne hending er over.
fredag 3. april

Kl 22:45

Terje Isungset markerer 20 år med is-musikk på Vossa Jazz 2020! Dette vert ei eineståande konsertoppleving, der Isungset tek med seg eit knippe fantastiske artistar som sjølv har erfaring og bakgrunn frå arktiske forhold.

Inuitt, samiske og sibirske songarar møter nokre av dei beste jazzmusikarane i Skandinavia og dei banebrytande stemningsfulle is-instrumenta til Isungset. Saman feirar dei vinteren, isen, snøen og naturen gjennom tradisjonelle tonar og samtidsmusikk. Dei inviterer publikum med inn i isen si verd, der gåsehudskapande tonar kretsar rundt isen og dei menneska som har levd i kulde gjennom generasjonar.

Terje Isungset er ein pioner innan kalde tonar – han har spelt på is sidan 1999! Ifølge CNN er han verdas einaste ismusikar, og han turnerer verda rundt med konseptet.

Han har med seg ei rekke musikarar fra Noreg, Canada, Russland og Sverige – mellom andre den samiske songaren Sara Marielle Gaup, jazzmusikarane Anders Jormin, Lyder Øverås Røed, strupesongarane Beatrice Deer og Radik Tyulyush.

Arctic Ice Music starta som eit bestillingsverk til Førde Internasjonale Folkemusikkfestival i 2016 og vart òg framført under Festspillene i Bergen i 2018.

Terje Isungset – perkusjon
Maria Skranes
Beatrice Deer – strupesong
Akinisie Sivuarapik
Radik Tyulyush – strupesong
Sara Marielle Gaup – joik
Lyder Øverås Røed – trompet
Anders Jormin – bass

Anastasia Isachsen – video
Asle Karstad – lyd
Ina Charlotte Moe – isteknikar

English:
Norwegian composer and percussionist Terje Isungset celebrates 20 years of ice music! Together with Inuit, Sami and Sibirian singers and a cast of superb instrumentalists he celebrates and pays homage to ancestors who has lived lives surrounded by snow, ice and freezing cold.