Trondheim Jazzorkester (TJO) kjem til Vossa Jazz med supergitarist John Scofield! Dette er ein av tre eksklusive konsertar med dette prosjektet (dei to andre er i Utrecht og Oslo) der Scofield og jazzorkesteret tolkar Scofield-låtar og speler nytt materiale, nyskrive spesielt til dette samarbeidet.
Kunstnarisk leiar, bassist og komponist i TJO, Ole Morten Vågan, tok initiativ til prosjektet – han kjenner Scofield frå tida då dei spelte saman i Bugge Wesseltoft sitt New Conception of Jazz i 2004. Tidlegare Tingingsverk-komponist (2018) Eirik Hegdal er òg med på laget, både som arrangør og musikant.
John Scofield er ein sentral skikkelse i utviklinga av moderne jazzgitar. Han er ein fantastisk improvisatør med eit distinkt, groovy og mangslungen sound, som inneheld tydelege spor av funk, R&B, bebop, blues og moderne jazz.
Scofield er fødd i Ohio, USA og vaks opp i Connecticut. Han byrja å spele gitar som elleveåring, inspirert av rock og blues, og gjekk seinare på Berklee College of Music i Boston. Han debuterte som plateartist med Gerry Mulligan og Chet Baker i 1974, og vart fast medlem i den legendariske funkjazzgruppa Billy Cobham/George Duke band året etter. I 1977 spelte han inn plate med Charles Mingus og tok over som gitarist i Gary Burton Quartet etter Pat Metheny. I denne perioden byrja han òg den internasjonale solokarriera si, som bandleiar og komponist i ulike konstellasjoner. På tidleg 80-tal var han fast medlem av bandet til Miles Davis.
Gjennom heile karriera har Scofield markert seg som ein musikar med eit ope sinn for ulike sjangrar, uttrykk og medmusikantar. Lista over samarbeid er lang som eit uvêr, og femner blant andre namn som Pat Metheny, Charlie Haden, Herbie Hancock, Jack DeJohnette, Joe Henderson, Dave Holland og Terumasa Hino.
Sidan oppstarten i 2000 har Trondheim Jazzorkester arbeidd med rearrangering og revitalisering av musikken til dei store namna innan jazzsjangeren. I løpet av desse åra har dei blant anna gjennomført prosjekt med Chick Corea, Pat Metheny, Joshua Redman og Sofia Jernberg, i tillegg til norske profilar som Eirik Hegdal, Marius Neset, Atomic, Kim Myhr og Jenny Hval, for å nemne eit utval. TJO er ei særs dynamisk gruppe, som varierer i storleik og instrumentering etter kva som gagnar det musikalske uttrykket.
John Scofield – gitar
Ole Morten Vågan – kunstarisk leiar, komposisjon, bass
Eirik Hegdal – arrangement, saxofonar, klarinettar
Per Texas Johansson – tenorsaxofon
Sissel Vera Pettersen – saxofon, vokal
Eivind Lønning – trompet
Hild Sofie Tafjord – horn
Heida Mobeck – tuba, elektronikk
Stian Carstensen – trekkspel, steelgitar, banjo, kaval
Rob Waring – vibrafon, marimba
Håkon Mjåset Johansen – trommer
John Scofield, foto Nick Suttle
Edvard Hoem opnar Vossa Jazz
«Vår tids Bjørnstjerne Bjørnson» har han vorte kalla, og ikkje utan grunn. Den samfunnsengasjerte og prisløna forfattaren har eit stort og mangslunge forfattarskap bak seg. Han har gått i djupna på både eksistensielle og politiske emne i ulike skjønnlitterære sjangrar og kunstnarlege uttrykk. Hoem er ein framifrå Shakespeare-gjendiktar, og han har mykje god sakprosa på samvitet, både som essayist, debattant og biograf. I tillegg er han ei markant og stilsikker nynorskrøyst – betre vert det ikkje!
English:
Welcome to an exclusive collaborative concert with John Scofield and Trondheim Jazz Orchestra (TJO), consisting of both rearranged classics and newly written material! John Scofield is a key figure in the development of the modern jazz guitar. He is an incredible improvisor, with a distinct, groovy and funky playing style, influenced by jazz, funk, R&B, be-bop and blues. His list of collaborations is long and star-studded, with such names as Pat Metheny, Charlie Haden, Herbie Hancock, Jack DeJohnette, Joe Henderson, Dave Holland and Terumasa Hino. TJO has worked with rearranging and revitalizing the big names in jazz since they started up in 2000. Artistic director, composer and bass player Ole Martin Vågan took the initiative for the collaboration, and Erik Hegdal (composer of the Main Commisioned Work 2018) contributes with arrangements and as instrumentalist.