Lastar Hendingar

Kjartan Fløgstad band

  • Denne hending er over.
fredag 3. april

Kl 21:00

Sjølvaste Kjartan Fløgstad kjem til Vossa Jazz med det nye bandet sitt!

Når Kjartan Fløgstad lagar band, er det ikkje kven som helst som får vere med. Med Steinar Raknes (Stillhouse, Arvvas, Ola Kvernberg Trio) på bass, journalist og forfattar Tom Stalsberg (Buicken) med på tekstsida, og multiinstrumentalist Odin Staveland (Vamp) på trommer og ymse anna, vert dette eit band som har tyngd både litterært og musikalsk.

Her vert det nyskrivne tekstar frå Fløgstad og Stalsberg, komposisjonar av Raknes, i tillegg til tonesette tekstar frå den prisløna Fløgstad-romanen Due og drone frå 2019.

Når det er forfattarar av dette kaliberet i bandet, er det gjerne på sin plass å la presseskrivet snakke for seg sjølv:

Dette er sang. Dette er pang. Dette er forskjellige dialekter, vektklasser, temperament og humring. Musikken sneier innom rock, pop, tango, ørken og støy.
Dette er gravalvor for skumle tider.
Dette er skumle smil med gravalvor.

Dette er Messi er en sommerfugl. Dette er også en hommage til Nicanor Parra. Dette er om Buenos Aires, det gamle betongblanderkoret, Duval i Drammen, E76 over Haukeli, Off Piste, Himlaleite over Skaulen og et forsøk på å få folk til å være med i Kjartan Fløgstad Band-bussen, ta plass alle som er greie, leie og breie.

Kjartan Fløgstad – opplesing
Tom Stalsberg – oppelsing
Steinar Raknes – bass, vokal
Odin Staveland – trommer, vokal

Denne tilskipinga er eit samarbeid med Voss bibliotek.