Produsenten sin guide til Vossa Jazz

Av Ingrid Steinkopf

Som Vossa Jazzar gjennom mange år, både som medarbeider, musikar og no produsent, legg ein seg til sine favorittar både når det kjem til konsertscener, tidspunkt i festivalen og musikarar og band. Ein lagar seg minner om konsertar som sit frå eit år til eit anna. Eksempelvis endte eg og ei venninne opp på ein tilfeldig konsert på Vossa Jazz i 2015 då det var fullt på konserten me eigentleg hadde tenkt oss på, men der fekk me ein heilt nydeleg konsert av ein ung Eyolf Dale, som eg knapt visste kven var. Eg hugsar òg tingingsverket til Solveig Slettahjell i 2009. Eg hugsar Higasakite i Vossasalen, og Marius Neset med Trondheim Jazzorkester i Gamlekinoen, kanskje ein av dei beste konsertane eg har vore på nokon sinne! Dette berre for å nemne nokre. Og mange er som meg, har mykje gode minner frå flotte konsertopplevingar frå Vossa Jazz.

Foto: Vossa Jazz/Adrian Søgnen

Det er mykje bra på programmet i år. Å skulle velje ut noko er ikkje nødvendigvis lett, men eg skal gjere eit forsøk på å lage ei løype som eg kan tenkje meg å prøve å gå i løpet av festivalen.

Festivalen opnar uoffisielt med konserten med Jazzlinja ved NTNU, Trondheim som i år heiter «TELL US.» Denne gongen på den store scena i Gamlekinoen. Dette er eit høgdepunkt kvart år, og eg jobbar alltid for å prøve å få med meg denne konserten. Eit friskt pust frå ein ung gjeng med dyktige jazzarar. Kanskje har eg noko forkjærleik for denne gjengen, då eg sjølv var med på akkurat dette i 2017..

Vossa Jazz 2017. Foto: Vossa Jazz/Runhild Heggem

Ein annan konsert som dei seinare åra har blitt tradisjon er konserten i Voss Sparebank. Ofte har det vore ein konsert med meir folkemusikkpreg, og ikkje sjeldan er det studentane ved Ole Bull Akademiet som står for denne, så hit tek eg gjerne turen etter konserten i Gamlekinoen.

Opningskonserten er jo eit must. Å få med seg den offisielle opninga av Vossa Jazz, med festivalopnaren si tale, dette året Kjartan Fløgstad, samt introduksjonen på lur, og ikkje minst sjølve Opningskonsert, er noko ein verkeleg vil ha med seg. Om du kun skal velje to konsertar på Vossa Jazz, står dei to ganske så klare: Opningskonserten og Tingingsverket.

Foto: Karoline Finnema

Så er ballet igang! No er huskortet iverksett, og det er berre til å stikke nasen innom dei ulike scenene ein kjenner at kaller på ein. Sidan både tingingsverket til Gabriel Fliflet og konserten med Emmeluths Amoeba startar samtidig, gjer eg det slik at eg får med meg starten av Fliflet sitt verk med dei utruleg kjekke og dyktige musikarane han har med seg, før eg tuslar bortover til Park og stikk nasen innom Jazzklubben og får med meg nokre tonar frå Emmeluths Amoeba. Dette bandet har eg faktisk ikkje hørt live før, så det er jo på høg tid når dei har heile tre album ute!

Deretter får eg eit lite problem, og må nok rett og slett velje. Aksel Røed spelar med sitt nye prosjekt Død Sjø kl 21, og Sigbjørn Apeland spelar solo i Vangskyrkja kl 21:30 samstundes som Gabriela Garrubo spelar i Vossasalen kl 21:30. Her trur eg at eg vil få med meg nokre tonar på starten av konserten til Aksel, før eg tuslar meg over i Vangskyrkja. Det er ingenting som er så deilig som å setje seg ned i ei kyrkje og høyre Apeland traktere både trøorgel og kyrkjeorgel, så det kan hende det er litt ro i sjela eg treng på dette tidspunktet. Om så Garrubo skulle finne på å ikkje vere heilt ferdig når eg forlet kyrkja og Apeland, tek eg ein svipptur innom og rekk forhåpentlegvis nokre låter heilt på tampen der. Sjekk gjerne ut hennar debut album!

No er nok den ordentlege harde jazzen igong på Jazzklubben med Murray / Håker Flaten / Nilssen-Love. Eg må jo sjå denne gjengen i sving! Dette er eit fyrverkeri av musikarar ein har med å gjere, og det ville vere frykteleg synd å ikkje rekke å sjå dei live når dei fyrst speler på Vossa Jazz. Kan hende er kontrasten frå Apeland i kyrkja til Jazzklubben og frijazzen noko stor, men variasjon er heilt topp!

Den nye kvintetten til Marius Neset er òg eit must spør du meg! Kan hende blir eg trollbunden og blir sitjande heile konserten, eller så kan det hende eg føler behovet for å reise meg og få med meg endå meir av det som foregår på Park. Jamvertane Trøen / Arnesen kvartett er støvande gode musikarar, men desse har eg sett opp til fleire gonger før, så her kjem eg heller tilbake når jammen er godt igong, og ruslar meg ein tur innom Resjemheia i Vossasalen. Dette er for meg eit nytt band, og eg har absolutt lyst til å få med meg kva dei heldt på med. Det rykes og at det kanskje blir noko folkedans her, og det er eg ikkje framand for!

Når så først I.P.A. er på Voss, og har ny plate i sekken, vil eg gjerne sjå nokre låter av dei òg, så eg traskar meg innover til Jazzklubben og får eit glimt av den dyktige gjengen som heldt på der, før eg tek turen innom jammen og sjekkar stemninga der. Kanskje har eg fått fot for dansing etter å ha sett Resjemheia og heller vil innom til DJ Live Sollid på Café Stasjonen og danse resten av natta. Uansett håpar eg at eg heldt ut heile fredagen slik at det kanskje er mogeleg å få med meg noko på denne ruta =)

Foto: Vossa Jazz / Eila Fjose

For å hoppe vidare til laurdagen under Vossa Jazz, er det mykje å få med seg der òg. Først ut er ein gratiskonsert med studentar frå Griegakademiet. Så er det ein konsert i Osasalen eg verkeleg gler meg til. Elin Rosseland har med seg bandet frå albumet «Fair Play» som no heiter Air Play og gjer ein reunion med musikarane som var med der, minus trommeslagar Trond Kopperud som dessverre ikkje er med oss lenger. Dette trur eg blir ein veldig fin konsert.

Om kvelden før vart litt hard, kan eg starte dagen litt roleg og få med meg samtalen med Johan Hauknes og Hanna Paulsberg før eg tuslar meg ein tur bort i Kapelankåken for å høyre Susanne Lundeng solo. Det gler eg meg til!

Ikkje alt for lenge etter er det konsert på Jazzklubben med nok ei amerikansk legende, og eg skal få med meg litt av konserten med William Parker Trio. Deretter ventar det sagnomsuste tingingsverket. Nok eit must om ein berre skal på eit par konsertar under Vossa Jazz. Eg er spent på kva Hanna har stelt i stand denne gongen!

Så nærmar klokka seg 20, og eg må retteleg sei eg har lyst til å prøve å kome meg inn på Tre brør på Fosse-forestillinga, «Hundemanuskripta». Om det går, er noko usikkert då dette er eit særs lite lokale, så om det ikkje går, tek eg turen på Shamania i Gamlekinoen. Eit strålande ensemble!

Foto: Hanne Hvattum

Uansett kva eg fekk med meg rundt kl 20, er huskortet i gang og det er mest på Park at det foregår resten av kvelden. Om eg er heldig rekk eg slutten på konserten med Mirror Image. For eit stjernelag Ole Morten Vågan har teke med seg her! Viss eg ikkje rekk det, får eg gjere meg klar for litt god RnB- og soul- stemning med Nelly Moar i Vossasalen. Om du endå ikkje har sjekka ho ut, bør du sjekke ut denne smoothe stemma og soul-viben ho har med seg.

Det kan sjå ut til at eg rekk opninga av jammen med jamvertane Ole Mofjell & 3 Days of Maceation, så då tek eg turen innom der. Eg er svak for store besetningar, og kl 23:00 er det to relativt store ensemble som spelar konsert samtidig. Her må eg velje, og då går eg for det største besetninga av dei nemleg OJKOS m/ Knut Kvifte Nesheim «Graosido». Når denne konserten er ferdig er det berre til å ta turen bort att på Park for å få med meg Best Western Swing. Kanskje går det ann å få dansa av seg noko her og? Om ikkje, avsluttar eg kvelden på dansegolvet i Café Stasjonen saman med platene til Bård Berg.

Så tek sundagen igang, og eg står nok over litteraturfrukosten då eg, som mange jazzarar elles ikkje er særleg til morgonmenneske, men eg må nesten kome meg opp til Jazznytt18, for der deltek eg sjølv. Etter ein kopp kaffi med Audun Vinger og dei andre som er med, tenkjer eg at eg tek turen til Osasalen og får med meg den estiske pianisten Kirke Karja og hennar trio Karja/Renard/Wandinger.

Det ser ut til at det kan passe ganske så fint å gå rett frå Osasalen til Gamlekinoen for å få med meg Concert Tribute «Til Grete» med Aruán Ortiz & Rob Waring. Dette varer nok ei lita stund sidan det både blir videklippvisning og samtale med Aruàn i tillegg til konsert. Sjekk gjerne ut platene som Grete og Aruàn laga saman.

Eg rekk nok ganske så fint å rusle meg bort på Karin Krog & The In Between Times etter heile opplegget er ferdig i Gamlekinoen. Apropos Karin Krog, så har eg varme minner frå MoldeJazz 2020, då Krog var Artist in Residence på ein festival som var så godt som heil-Skandinavisk. Ho gjesta mellom anna opningskonserten med Arild Andersen, Marius Neset, Helge Lien og Håkon Mjåset Johansen. Det var ein spesiell augneblink for oss som var der. Vonleg blir det like god stemning på årets Vossa Jazz.

Det nærmar seg tidspunktet for den tradisjonelle kyrkjekonserten som i år blir med folkesongtrioen AUROM TRIO. Dei har med seg Per Jørgensen som gjest. Dette vil eg tru blir ei fin stund. Kanskje må eg gå bittelitt før konserten er ferdig for å rekke starten på konserten med Bergen Big Band og Shannon Mowday. Eg gler meg til å høyre kva Shannon har funne på med denne gjengen! Og nok ein gong blir eg lykkeleg i hjartet av å kunne gå og sjå eit så stort ensemble som eit storband! At Mowday har med seg Sidki Camara og den unge trombonisten Jørgen Bjelkerud som ekstramusikarar er berre eit pluss i mi bok.

Galumphing Duo: Shannon Mowday og Jørgen Bjelkerud. Foto: Hanne Nygaard

Det nærmar seg slutten av dagen, og på Vossa Jazz som heilheit, men før eg tek kvelden kan eg rusle ein siste tur bort i Vossasalen for å få med meg perkusjon- og strengensemblet ARAS som spelar årets siste konsert på Vossa Jazz. Ein ting eg no endå ikkje har gjort, er å vere innom kunstutstillinga til Festivalkunstnar Ståle Gerhardsen. Det har eg tenkt eg skal få til i ein ledig augneblink i løpet av helga.

Eg håpar å ha fått med meg ein del nyskriven musikk, ein del kjente jazzrytmer i form av swing, shuffle og gjerne latin/afro, hørt musikk og musikarar eg aldri har hørt før, møtt mange av mine gode musikervener og kollegaer, og å nok ein gong fått kjenne på den kjente, gode Vossa Jazz-stemninga som set startskuddet for påska. Om noko av dette kjem på plass, må eg vel seie å kunne ha vore med på ein vel gjennomført Vossa Jazz.

Foto: Vossa Jazz/Lars Finborud og Ådne Dyrnesli

Del gjerne!