Studentane ved Jazzlinja i Trondheim utgjer TELL US, kjem til Voss med ungdommeleg pågangsmot og unike improvisasjonar.
Dei spør, kor mange musikarar trengst for å laga den friskaste, villaste musikalske turen gjennom tidene, før dei svarar at det forhåpentlegvis er 16 musikarar og 16 komponistar.
TELL US har henta namnet sitt frå vår eigen planet, Tellus, og inviterer til ei utvida forteljing om jorda, plantane, dyra og menneska. Dei lovar improvisasjonsbasert musikk med tunge riff, favorittakkordar, kjenslevare balladar, og kanskje til og med ein heilt vanleg swing beat!
Me gler oss til TELL US svingar innom oss på Vangen, det kan ikkje bli anna enn gøy!
Medverkande:
Ida Malmedal Hauge – vokal
Alicia Panambi Cubas Tapia – vokal
Hannah Furberg – vokal
Amelia Gómez Snerte – vokal
Mikkel Dahl Amundsen – trompet
Åsne Fossmark – saksofon
Børge Brustad – fiolin
Selma Tudor Edwards Granly – cello
Isak Hungnes – piano/synth
Sondre Moshagen – piano/synth
Skage Larsen – vibrafon
Johannes Lykkås – bass
Kertu Aer – bass
Tarald Kongshaug – bass
Jørgen Fiske – trommer/perkusjon
Elias Baadsvik – trommer/perkusjon
English
TELL US – the group made up of jazz students from NTNU – are bringing their youthful flash to this year’s Vossa Jazz.
The group’s name is inspired by our very own planet, Tellus, and they’re coming to share an extended story about the earth and the plants, and every living thing to walk upon it. They’re promising heavy riffs, favourite chords and moving ballads, and may even grant us a classic swing beat!