Programslepp 2026

27. – 29. mars

    fredag 27. mars

    • KULTURKONFERANSEN 2026

      Noreg har eit fantastisk tilfang av musikarar, biletkunstnarar, forfattarar, dansarar og scenekunstnarar. Er vi i ferd med å ta dette for gitt? Søv vi på vakt kan vi risikere at dette vert nedbygd og innskrenkt på eit slikt vis at vi om 10-15 år ikkje kjenner att vårt eige kulturfelt. Det store spørsmålet for framtida er difor: korleis skal vi sikra eit mangfaldig og fritt kulturliv i heile landet? 

      fredag 27. mars

      10:00

    • Search Party

      Eit sikkert vårteikn - NTNU Jazzlinja på turné! Search Party lovar noko ekstraordinært, noko søkande og noko festleg. Kven veit kva Search Party vil finne? Og kva vil du finne […]

    • Synnøve Brøndbo Plassen

      Synnøve Brøndbo Plassen frå Folldal har på kort tid blitt ein av de mest ettertrakta unge folkemusikarane og folkesongarane i Noreg. Ho har blitt nominert til Spellemannprisen to gonger for […]

    • OPNINGSKONSERTEN Daniel Herskedal Trio

      Daniel Herskedal er ein utøvar og komponist som ikkje berre har trossa tubaen sine konvensjonar, men har resolutt flytta grenser både teknisk og lydleg. Med "Movements of Air" markerer han […]

      fredag 27. mars

      18:00

    • The Red Barn

      The Red Barn er ein kvartett som tvinnar trådar mellom jazz, folkemusikk og americana. Bandet er samansett av nokre av dei travlaste og mest kreative musikarane på Vestlandet, no sameint […]

    • Orions Belte

      Chris, Kim og Øyvind har spelt saman sidan 2018 og pangstarta med å spele inn debutalbumet "Mint" på fyrste øving saman. Sidan då har det vorte tre studioalbum, tre separate […]

      fredag 27. mars

      20:30

    • Henriette Eilertsen Trio

      Henriette Eilertsen har dei siste åra markert seg som ei innovativ stemme på den norske jazzscena. Med ei leiken tilnærming til jazzfløyta rører ho seg smidig mellom kontemporær jazz, improvisasjon […]

      fredag 27. mars

      20:30

    • SuperCharger Duo

      SuperCharger Duo byr på ekte speleglede og musikk med solide røter i New Orleans! Kva skjer når ein godt vaksen trommis finn kjemien med eit ungt stortalent og fyrer av […]

      fredag 27. mars

      20:30

    • Sanyu

      Med bakgrunn i soul og improvisasjon skapar Sanyu eit sjelfullt uttrykk med varme harmoniar, samstundes som ho leikar seg med rap og groove-baserte riff. Med eit dryss av spoken word […]

      fredag 27. mars

      21:30

    • Andreas Rotevatn

      Andreas Rotevatn er ein av dei mest originale og allsidige musikarane me har. Ikkje berre skriv han gode tekstar, men han er også komponist, vokalist og trombonist! I gamlekinoen under […]

      fredag 27. mars

      22:30

    • To menn er ute i mørket, opplyst med stertkt lys. Mann til venstre har kort hår, svart hettegenser, kilt, knestrømper, tradisjonell skotsk veske og har ein saxofon i handa. Mannen til høgre har hue, kvit skjorte med mandarinkrage, svart bukse, kvite sneakers, og han held ei knallblå skarptromme under eine armen. Dei ser ut til å stå framfor eit gamalt ruinbygg.

      Norman&Corrie (UK)

      Kva får ein dersom ein blandar Shetlands rikhaldige folkemusikkarv med fandenivolsk jazz? Jau, då får du Norman&Corrie, ein eksperimentell folk-duo som er samansett av Corrie Dick - ein trommeslagar frå […]

    • Håkon Brunborg

      Håkon Brunborg er ein multiinstrumentalist, komponist og produsent frå Oslo, kjend for sitt sjangeroverskridande lydunivers og si særeigne evne til å skapa stemningsfull musikk. I kjernen ligg ei drivkraft for […]

      fredag 27. mars

      23:00

    • Cosmic Swing Orchestra: The Jazz Togetherness Show

      "The Jazz Togetherness Show" er ikkje noko reindyrka jazzkonsert, men ei tverrkunstnarleg framsyning om sjølvforbetring, apokalypse og fellesskap, skrive av Petter Dalane. Vi fylgjer ein karismatisk hypnotisør som vert drive til […]

      fredag 27. mars

      23:30

    • JAZZJAM fredag

      JazzJam i Ungdomshallen! Kom på fest med dei unge lovande frå Search Party (NTNU). Kan hende det kjem gjesteartistar?! Julie Horn (NO) - vokal Edvard Kildahl (NO) - vokal Lars […]

      fredag 27. mars

      00:15

    laurdag 28. mars

    • BADNAJAZZPARADEN

      Badnajazzparaden er attende! Årets parade startar frå Aktivitetsparken på Prestegardslandet og går til Scandic Hotell, i passande tid til å delta på Plutseleg Badnajazzteater si framsyning om de vil det […]

    • BADNAJAZZ Plutseleg Badnajazzteater

      Gjer dykk klare for eit improvisert eventyrteater for born der magien blir til i augneblinken! Plutseleg Badnajazzteater tek utgangspunkt i kjende forteljingar, eller kanskje heilt nye påfunn, og skapar ei uføreseieleg og morosam framsyning heilt på sparket.

    • Astrologisk institutt

      Er du nyfiken på universet? Det er Astrologisk institutt også! Sju unge talent presenterer drøymande, kompleks og ukompleks musikk, dyrka fram på Griegakademiet si jazzlinje i Bergen, i forsøk på […]

    • Gabriels Novogorod

      Det er kun to ting du kan vite sikkert når du går på konsert med Gabriels Novogorod: at du ikkje er heilt sikker på kva som kjem, og at det […]

      laurdag 28. mars

      12:00

    • KULTURVANDRING med Eirik Helleve

      Tradisjonen er tilbake - bli kjend med gamle Voss! På denne vandringa gjennom Vangen får du små og store drypp frå den lokale historia. Du får mellom anna høyra om […]

      laurdag 28. mars

      13:00

    • Vildebjønns Selskap

      Vildebjønns Selskap er ein visetrio som spelar sjølvlaga musikk på norsk. Trioen følgjer i spora etter visetradisjonen frå 70-talet, men med eit talenært språk og element av jazz i form […]

      laurdag 28. mars

      15:00

    • Briotrio

      Foto: Ingvild Aurlund Lossius Briotrio er som namnet hintar om ein leiken jazztrio som kjem til å spela tilnærma akustisk i pianobaren på Park Hotell. Det er duka for ei […]

    • Sølvtrå

      Sølvtrå kryssar sjangergrenser og har eit klangleg variert uttrykk der improvisasjon, rytmisk driv og fleirstemt vokal står sentralt. Med særpreg og unik instrumentalisering skapar Sølvtrå musikk som spenner frå lågmælte, […]

      laurdag 28. mars

      16:00

    • TINGINGSVERKET Lars Horntveth: Lambda

      Tingingsverket av Lars Horntveth ber tittelen Lambda. Lars Horntveth har sett spor. Sjangerhopparen har i over 30 år bevegd seg i skjeringspunkta mellom ulike uttrykk og format – frå samtidskomposisjon […]

      laurdag 28. mars

      18:00

    • Ketil Bjørnstad

      Sjølv om Ketil Bjørnstad for lengst har fylt 50 som forfattar og 70 som menneskje har han framleis ein heil spesiell energi som han no tar med seg til solokonsert […]

      laurdag 28. mars

      20:00

    • Nicole Johänntgen Trio (DE)

      Den tyske saksofonisten og komponisten Nicole Johänntgen lagar musikk er groovy, eksperimentell og stundom melankolsk. Det svingar av spelet til Nicole, og her og der kan du høyre preg av […]

    • Maridalen & Lars Lillo-Stenberg

      Draumemøtet mellom Maridalen og Lars Lillo-Stenberg! I mars i fjor pakka jazztrioen Maridalen instrumenta og drog til den franske småbyen Sanxay, der Lars Lillo-Stenberg hadde leigd eit hus under friåret […]

      laurdag 28. mars

      21:00

    • Charlotte Dos Santos

      Me er stolte over å presentere Charlotte Dos Santos som Vossa Jazz-artist. Dos Santos sitt uttrykk er sjangermektig og drivande kjenslesterkt. Soulartisten blandar jazz, vintage samples og brasilianske musikktadisjonar inn […]

      laurdag 28. mars

      21:30

    • Isbit

      Isbit er eit nytt, ungt band som har markert seg gjennom Urørt i P3 og som spelar jazzete atmosfærisk og funkete pop som dei skriv saman. Dei meistrar kunsten å […]

      laurdag 28. mars

      21:30

    • Y-OTIS (SE)

      Otis Sandsjö – drivkrafta bak Y-OTIS – forlet Sverige til fordel for Berlin, med eitt sound i konstant rørsle: flytande, sjangeroverskridande og umogleg å plassere. Debutplata med tittelen Y-OTIS frå […]

    • Harald Lassen

      Multiinstrumentalist Harald Lassen er ein av profilane i norsk no-jazz, og har verkeleg fått fotfeste med sine siste album – Balans som sikra han Spellemannpris i 2023 og RIK som […]

      laurdag 28. mars

      23:00

    • Monstera

      Monstera er ein energisk sekstett som spelar dansegolvjazz under leiing av trompetist og komponist Ola Lømo Ellingsen. Dei sameiner klubbmusikk, drum’n’bass, improvisasjon og uføreseielege melodiar på kreative måtar. Bandet består […]

      laurdag 28. mars

      23:30

    • Gangar

      Foto: Anine Desire Folkrockbandet Gangar kom som ein komet, og har spreidd sine grensesprengande versjonar av norsk tradisjonsmusikk med gnistrande liveshow. Bandet finn inspirasjon hjå legender som AC/DC og Meshuggah, […]

      laurdag 28. mars

      00:00

    • JAZZJAM laurdag

      Forleng festivalnatta laurdagen med Astrologisk institutt sin jazzjam i Ungdommshallen! Sein start, lange tonar og kanskje ein kjendis? Kven veit? Hanna Hærum - vokalLea Hareide Jønnum - vokalArin Gran - […]

      laurdag 28. mars

      00:45

    sundag 29. mars

    • Dag Helleve: Vettùren so va

      Me kjenner Dag Helleve som innovativ og tradisjonsberande forfattar, der naturskildringar lyftar tekstane på unikt Hellevesk vis. Vettùren so va er ei sterk og lokalt forankra vidareføring av forfattarskapet. “Utgangspunktet […]

      sundag 29. mars

      12:00

    • ELDREJAZZ Gabriels Novogorod

      Gabriels Novogorod speler to konsertar under Vossa Jazz i år, i same format og konsept: finsk bygda-swing, jiddisk tango, vakre russiske valsar og Evert Taube. Med firstemt song på eit […]

      sundag 29. mars

      12:00

    • BADNAJAZZ Dinosaus & Rockefot

      Foto: Øyvind Mellem Dinosaus & Rockefot tek born og vaksne med på ei uforgløymeleg musikalsk reise full av humor, energi og sjangerbreidde. Med musikk og tekstar av Spellemannsnominerte Heidi Solheim […]

      sundag 29. mars

      13:00

    • SUPERJAZZ Henrik Horge & Calypsokameratene

      Henrik Horge & Calypsokameratene tek oss med på ei uforgløymeleg musikalsk reise fylt med sol, palmesus og smittande karibiske folkemusikkrytmar. Med tropiske melodiperler og humoristiske tekstar leverer dei noko så […]

      sundag 29. mars

      14:00

    • CAPTCHA

      CAPTCHA er eit nytt og friskt tilskot til den norske jazzscena. Trioen har ein spanande akkordlaus besetning, med Øyvind Skarbø på trommer, Arne Toivo Sandberg på bass og Jørgen Bjelkerud på […]

    • Benedicte Maurseth ligg på ryggen og kviler hovudet i lys lyng, ho ser mot kamera. Brunt hår, pannelugg. Hardangervidda i bakgrunnen.

      Benedicte Maurseth: Mirra

      Me er svært glade for at Benedicte Maurseth kjem til Vossa Jazz 2026 med sitt nyaste album Mirra. Mirra er oppfylgjaren til Hárr (2022) som vart tildelt Nordic Music Prize […]

      sundag 29. mars

      15:30

    • Ole Hamre: Folkofonen

      Folkofonen er eit orgel av menneskestemmer. Lyd og bilete vert avspelt ved hjelp av eit dataprogram via eit MIDI-keyboard. Stemmene og ansikta til menneske av alle aldrar, alle opphav, alle […]

    • Bjørn Tomren

      Hausten 2021 imponerte Bjørn Tomren heile Noreg som den mest særmerkte artisten i NRK-serien Stjernekamp. Med sitt unike uttrykk og eineståande formidlingsevne vart Tomren på kort tid folkeeige, og vart […]

      sundag 29. mars

      18:00

    Privacy Overview

    This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.