Ekstremjazz
Foto: Benn Nossen Roberts

Ekstremjazz

SIST EKSTREMJAZZ VART SKIPA TIL 28. JUNI 2017, I SAMARBEID MED EKSTREMSPORTVEKO

OMTALE 2017
Vossa Jazz sin faste Ekstremjazz-komponist, sjølvaste Jon Balke, tek med seg Jøkleba,  den eminente folkemusikkvokalisten Åshild Vetrhus og dansaren Sudesh Adhana til årets Ekstremjazz. Dermed er det duka for ein saftig dose elektro-folk gjallande musikk i Skjervet: store lydbilete, sugande rytmar og krystallklår vokal i energisk samspel og med ein himmel full av fykande folk.

Foreininga av jazz og ekstremsport, to fyrtårn på Voss,  gjev tilskodarar og musikarar ei unik oppleving av både lydmessig og visuell karakter.Jon Balke- tangentar Per Jørgensen – trompet
Audun Kleive – trommer
Åshild Vetrhus – vokal
Sudesh Adhana – rørsle

Film frå Ekstremjazz 2007: