Lastar Hendingar

Murray / Håker Flaten / Nilssen-Love

  • Denne hending er over.

Førebu deg på ei heseblesande reisa, og hald deg fast, for Murray/Håker Flaten / Nilssen-Love går hardt ut frå startblokka!

I følge jazzmagasinet Jazzenzo leverer Murray/Håker Flaten/Nilssen-Love “energisk musikk som går til det ekstreme”, med musikarar som “spelar som om dei vil setta fart på ein flokk elefantar”, medan salt peanuts* samanliknar trioen med ein blodtrimma racerbil, med full gass gjennom dei skarpaste svingane, og utanomjordisk teknisk presisjon. 

Jazzlegenda Murray har med seg råtassane Ingebrigt Håker Flaten på dobbel bass og Paal Nilssen-Love på trommer. Dei har spelt saman i The Thing i 20 år, og er kjend som den tyngste rytmeseksjonen i Noreg. Nilssen-Love vann Jazzambassadørprisen i 2023 – for evna si til å kryssa grenser, både musikalsk og geografisk, og for å “ forstå viktigheten av musikken som brobygger mellom mennesker og kulturer”.

Med komposisjonar av Murray, Yusef Lateef, Butch Morris og Aretha Franklin som startskot for glupske og springande improvisasjonar, turnerte trioen Europa heile to gonger i 2019. Sommaren 2023 fann dei tilbake til kvarandre igjen, alle med ferske komposisjonar. Så spenn deg fast, og gjer deg klar for ei grenseoverskridande oppleving!

Medverkande:

David Murray – tenorsaksofon, bassklarinett
Ingebrigt Håler Flaten – kontrabass
Paal Nilssen-Love – trommer

Denne konserten får du inkludert i billetten Huskort på Park fredag, dagskort fredag, eller festivalpass.

English

Prepare for a wild ride when David Murray Trio according to Jazzenzo serves up “Energy music that goes to the extreme”. A trio made up by musicians who seem to “play as if they want to set a herd of elephants in motion”. After touring Europe twice together in 2019, Jazz legend David Murray, Ingebrigt Håker Flaten and Paal Nilssen-Love got together again in the summer 2023, each of them ready with fresh musical pieces. Buckle up!

 

Foto: Christina Marx