I Osasalen skal improvisasjonar inspirerte av øydelagde maskinar og gamle, nifse stumfilmar krypa inn under huda på publikum. Hakkete og støytvise rytmar vert etterfølgde av rolege parti som snor seg fram mot brå brak og ustyrlege musikalske utfaldingar. Når trioen Karja/Renard/Wandinger spelar i Osasalen, kan me ikkje sjå for oss anna enn at det vil lyda heilt ned til Vangsvatnet!
“Dei bryt opp impulsar frå swing ved å nytta hakkete stopp-start-rytmar, og nærmar seg ein hybrid av The Bad Plus og Punkt.Vrt.Plastik, medan dei samstundes tangerer innflytelsar frå det 20. hundreåret.” – Peter Margasak, Downbeat
Trioen er leidd av den livlege og prisvinnande pianisten Kirke Karja frå Estland, med tyske Felix Hekelhausen på bass, og tyske Ludwig Wandinger bak trommene. Dei tre musikarane har spelt saman sidan 2019, og gav i 2022 ut sitt fyrste album, “The Wrong Needle”. I 2024 kjem dei med ny musikk, og me kryssar fingrane for ein smakebete på Vossa Jazz!
Medverkande:
Kirke Karja – piano
Felix Henkelhausen – bass
Ludwig Wandinger – trommer
English
Improvisations inspired by broken machines and creepy silent films will be crawling underneath our skin in Osasalen. Jagged and erratic rhythms are followed by gentle sections which are abruptly hurled into unruly musical unfoldings.
The Kirke Karja trio is led by the lively and award-winning pianist Kirke Karja, with Etienne Renard playing bass, and Ludwig Wandinger on drums. The three musicians began playing together in 2019, and released their first album, “The Wrong Needle”, three years later. They will be releasing new music in 2024, and we’re hoping for a taste of it at Vossa Jazz!