Lastar Hendingar

Resjemheia

  • Denne hending er over.
fredag 22. mars

Kl 00:00

Resjemheia er skildra som “eit musikalsk overgangsparti, frå bluesbyens rike til folkemusikkens kongedømme ein highway frå elgitar til hardingfele” av Folkemusikk.no.

Trioen, som har namnet sitt frå eit fjellparti mellom Notodden og Bø, spelar ei blanding av originalkomponert musikk, og slåttar frå Telemark, Vest-Afrika og Mississippi. Sidan 2010 har dei gjeve ut fire album, og turnert i både Noreg og Europa. Det første albumet deira, “Mattis Kleppen & Resjemheia” frå 2014, vart nominert i open klasse til Folkelarmprisen, og det siste albumet deira, livealbumet “Live in Rudolstadt,” kom i mars 2023. 

I følgje salt peanuts* har dei tre musikarane “ein fot kvar i den norske folkemusikken, ei stortå eller to i bluesen og resten i den drivande rocken”.

Medverkande:

Ottar Kåsa – hardingfele

Kenneth Kapstad – trommer 

Mattis Kleppen – Bassgitar

 

English

Resjemheia is described as “a musical transitional space, from the city of blues to the realm of folk music – a highway from the electric guitar to the Hardanger fiddle” by Folkemusikk.no. 

The trio plays a mix of original music and folk music from Telemark, West Africa, and Mississippi. Their last album, the live album “Live in Rudolstadt” was released in 2023.