Lastar Hendingar

Nelly Moar

laurdag 23. mars

Kl 21:30

«Elegant, selvsikker og ikke minst uanstrengt fengende” – BT

Det er herleg sutlaust når Nelly Moar inviterer deg inn i eit dansbart, sjølvsikkert og silkemjukt univers. Den bergensbaserte artisten kombinerer R&B, Club og Pop, og nyttar seg av inspirasjonskjelder som KAYTRANADA, Erykah Badu, D’Angelo og Jorja Smith. Ho har ei stemme med uvanleg god rekkevidde, og har allereie vorte ei me gler oss til å høyra meir av!

Moar slapp sin spellemannsnominerte debut-EP “Nelly Moar” i 2022, og har alt rokke å spela på nokre av Noregs mest anerkjende musikkfestivalar, som Moldejazz, Bergensfest, Pstereo, Nattjazz og by:Larm. I 2024 kjem ho med ny musikk, og kritikarane er samde om at Moar er komen for å bli:

“Dette er en attitude vi trenger så MYE mer av i Norge. Den ny-uteksaminerte jazzvokalisten

fra Griegakademiet har en rykende fersk selvtitulert EP i sekken. Hun kan altså ikke være

mer klar for å dominere R&B-scenen – og det er tydelig” – P3

“(..) etter å ha pumpet ut gode singler med jevne mellomrom det siste året, omtales

bergenske Nelly Moar helt fortjent som Norges nye r’n’b-håp.” – BT

“Moderne, dystert, alternativ-elektronisk lydbilde kombinert med en klassisk sterk r&b-stemme med personlighet, det blir en vinneroppskrift i min bok. Gi meg «moar» av dette!” – P3

 

Medverkande:

Nelly Moar – Vokal

Jonas Særsten – Keys

Simen Walle – Gitar

Jone Kuven – Bass

Jonas Grar – Trommer

Denne konserten får du inkludert i billetten Huskort på Park laurdag, dagskort laurdag, eller festivalpass.

English

“Elegant, confident, as well as effortlessly catchy” – BT

Nelly Moar really is effortless when inviting you into her musical universe. The artist from Bergen combines R&B, Club and Pop, and is inspired by artists like KAYTRANADA, Erykah Badu, D’Angelo and Jorja Smith. Her voice has a wide range, and is already one we agree with the critics that we want to hear more from:

“Modern, dark, alternative-electronic sound combined with a classically strong r&b-voice ridden with personality, that’s a recipe for success in my book. Give me “moar” of this!” – P3

Moar released her “Spellemann”-nominated (Norwegian Grammy’s) debut EP in 2022, and has already played some of Norway’s most recognized music festivals, like Moldejazz, Bergensfest, Pstereo, Nattjazz and by:Larm.