Lastar Hendingar

Jazznytt18

  • Denne hending er over.
sundag 24. mars

Kl 10:30

I nokon år no har me hatt besøk her på Vossa Jazz av samtaleklubben Jazznytt18, der programleiar Audun Vinger møter musikarar, forfattarar og andre festivalfolk for morosame, inspirerande og vonleg lærerike samtalar. Vinger er redaktør i Jazznytt og jazzbloggen Now’s The Time, og er også kjend som mangeårig kritikar og kommentator i Dagens Næringsliv og som redaktør av litteraturtidsskriftet Vinduet. I år får han besøk av forfattar Kjartan Fløgstad for en passiar om jazz, poesi og Vestlandet – og om å opptre, som han nettopp då har gjort for oss. Vitjing får me óg av festivalsjef Laila Melkevoll og hennar makker Ingrid Steinkopf, som skal fortelja om booking, jobbstress, gjennomføring, musikkglede og kvifor og korleis ein musikkfestival kan bety noko for ei bygd som Voss, også etter at siste band har gått av scena.

Medverkande:

Audun Vinger

Kjartan Fløgstad

Laila Melkevoll

Ingrid Steinkopf