Lastar Hendingar

Johan Hauknes i samtale med tingingsverkkomponist Hanna Paulsberg

  • Denne hending er over.
laurdag 23. mars

Kl 14:00

Johan Hauknes, jazzskribent i salt peanuts* og jazzvitar, snakkar i ein times tid med Hanna Paulsberg om årets Tingingsverk. Ho vil seinare på kvelden framføre sitt nyskrivne verk Do you want my job? Vi vil høyre kva hennar tanker omkring tingingsverket er, og kven den fiktive cowboyen som spør, er. Kanskje har òg tilveret som turnerande musikar nokre likskapstrekk med tilveret som cowboy på prærien?

Roots-bandet Little Village, med bl.a. Ry Cooder og John Hiatt, sette fart på vesle Hanna. Slik musikk ville ho lage. Tretti år seinare, og no som ein av Noregs leiande jazzmusikarar, gjer Paulsberg akkurat det: Tingingsverket i 2024 er musikk inspirert av det kicket Hanna fekk tidleg på 1990-talet. Vert det vestjazz av slikt? Eller vert det hestejazz på Vossevangen? Kan det vere at hen ikkje er cowboy i det heile teke? Skal vi danse?