Lastar Hendingar

Ole Bull Akademiet: Strengjarhaugen Spelemannslag

  • Dette arrangementet er ferdig.
fredag 22. mars

Kl 15:30

Gamle dansar og viser vert som nye når Strengjarhaugen spelemannslag driv tradisjonsmusikken inn i ei ny tid!  

Med stor variasjon i uttrykk, instrument og konstellasjonar, kan me lova ung speleglede, vitalitet og energi som smittar over på publikum frå studentane ved Ole Bull Akademiet. Med samspel, soloinnslag og større fellesnummer, byr dei på noko for ein kvar smak.

Så kom og la deg riva med av forlokkande felespel, taktfast trekkspel og lekker langeleik!

Medverkande:

Ingrid Lingaas Fossum – langeleik og vokal

Iselin Aukrust – fele og vokal

Solveig Eide Grønningsæter – fele

Robin Morken – fele

Ragna Valde Sletten – fele

Ane Stakston Aasen – fele

Siri Nordgård – toradar

Vegard Hansen – trekkspel

Ivar Blekastad Haugen – trekkspel

Emma Sandseter-Selen – trekkspel

Steinar Odde – gitar og trekkspel

Semon Harerusten – gitar og mandolin

Rachel Harrower – harpe

 

English

Strengjarhaugen spelemannslag bring a new flare to old tones when playing traditional music from a fresh point of view!

With great variety in expression, instruments and constellations, the students from the Ole Bull Academy are bursting with vitality and infectious energy. We can’t wait!