Lastar Hendingar

Gabriel Fliflet – I lys loge

  • Denne hending er over.
fredag 22. mars

Kl 20:00

Gabriel Fliflet er eit kjend og kjært namn på Vossa Jazz. Når me i år skal få gleda av å høyra han framføra tingingsverket “I lys loge”, er det 30 år sidan han tok i mot Vossajazzprisen. Denne gongen troppar han opp med eit tingingsverk, ein songsyklus, der tekstane er skrivne av Kjartan Fløgstad og musikken laga av Fliflet. Det er heller ikkje første gong musikar og komponist Gabriel Fliflet samarbeider med forfattar Kjartan Fløgstad. I 2021 ga Fliflet, saman med dei to medmusikarane i Trio Alde, ut albumet “Himlaleite – songar av Fløgstad og Fliflet”, som dei hausta glødande kritikkar for. 

Slik menneske har gjort i uminnelege tider, skal me også no samlast rundt leirbålet, rundt elden, under urframføringa av “I lys loge”. Saman med fire framifrå musikarar – Susanne Lundeng, Jørgen Sandvik, Per Jørgensen og Anders Bitustøyl – skal Fliflet med særpreg og stor formidlingskraft levera eit rykande ferskt tingingsverk. 

Så bli med inn i varmen når Fliflet saman med eit knippe vyrde instrumentalistar byr på ei melodisk og uføreseieleg vandring i landskapet mellom jazz, folkemusikk og visesong.

 

Medverkande:

Gabriel Fliflet – trekkspel, piano, song

Susanne Lundeng – fele, song

Jørgen Sandvik – gitar, song

Per Jørgensen – trompet, perkusjon, song

Anders Bitustøyl – kontrabass, song

 

English

Gabriel Fliflet is a name near and dear to the Vossa Jazz festival. This year we’ll be seeing the first ever performance of his tingingsverk (commissioned work) by the name “I lys loge”, which will also serve as a 30 year mark since Fliflet received his “Vossajazzprisen” in 1994.

“I lys loge” is made up by a musical piece composed by Fliflet himself, and a song cycle written by the acclaimed Norwegian writer, Kjartan Fløgstad. We’ll be gathering around the fire, like people in every corner of the world have been doing forever, to listen to music and stories conveyed with sincerity, warmth and vigour. Come join us when Fliflet brings along four phenomenal musicians to bring us into the heart of folk music and jazz.