Lastar Hendingar

Susanne Lundeng solo

laurdag 23. mars

Kl 16:00

– «Lundeng er en levende folketone!», (avisa Nordlys)

Med virtuost felespel og eit uttrykksfullt scenisk nærvær kjem Susanne Lundeng tilbake til Voss. Denne gongen som soloartist. Med seg i bagasjen har ho den nordnorske folkesjela.

Lundeng sitt musikalske språk spring ut frå den nordnorske ur-rytmen si pulserande tre-takt, og hennar eigne skapande røyst. Ho løftar fram spennet mellom folketone og samtid — det gamle og det nye — og balanserer kraft og varleik når dei sanselege tekstane hennar vert vovne inn i tonane.

Lundeng har i meir enn 30 år samla, formidla og vidareutvikla folkemusikk frå Nordland, og er i dag rekna som ein av dei fremste ekspertane på nordnorsk felespel og folkedans.

Under denne konserten i Kapellankåken kan ein i selskap av Lundeng og fela hennar ana Nordlandskysten sine vindar som for ei stund bles over Vangen. 

English:
Susanne Lundeng is returning to Vossajazz with her fiddle and expressive folk music. This time as a solo artist. While her musical language speaks to her Northern Norwegian roots, Lundeng combines these potent historic rhythms with her own current voice. It is a suspension of the old and the new, weaved together by her tender (Norwegian) lyrics.