Vossakveik
Voss – bygd for framtida?
Voss er i stadig utvikling og målet er å skapa ein livskraftig region som er attraktiv både for innbyggjarar og tilreisane. Er me rusta for framtida?torsdag 11. april
16:30
Fieh
Sleipe, groovy båkpå-rytmar, basslinjer som set seg i hoftene og mjuk, melodiøs vokal som kiler øyregangane. Om ein er er glad i Erykah Badu og D’Angelo og tidlegare Vossa Jazz-artistar som Rohey og Charlotte Dos Santos er dette ein konsert ein lyt setje ring rundt i kalendaren.
fredag 12. april
00:00
The End
Dette er kompromisslaus og eksperimenterande musikk som utspelar seg i vekselspenning mellom det stygge og det vakre, det atonale og det melodiske, kaos og orden – bandet balanserer virtuost på randen av kortslutning.
fredag 12. april
00:15
Musea dansar
I 2019 går startskotet for «Musea danser» - ei treårig vandreutstilling som skal innom åtte museum i heile landet. Første stoppestad vert Voss Folkemuseum med opning under Vossa Jazz.
fredag 12. april
12:00
Jazzlinja i Trondheim: A Jazz Odyssey!
Andreklasse på jazzlinja ved NTNU i Trondheim tek oss med på ei episk reise med prosjektet 2019: A Jazz Odyssey.
fredag 12. april
13:00
Griegakademiet
Kva retning tar jazzen i åra framover?
fredag 12. april
16:00
Opning Vossa Jazz-utstilling
Tor-Arne Moen jobbar med figurativ teknikk med tjukke lag av måling i grove strøk med varierande penselbreidde.
fredag 12. april
17:00
Salif Keita
«Gullstrupen frå Afrika», Salif Keita frå Mali, kjem til Vossa Jazz!
fredag 12. april
19:00
Karl Seglem: Nunatak
Karl Seglem er ei unik stemme i den norske musikkverda. Som komponist, saksofonist og bukkehornspelar har han kontinuerleg utfordra sjangergrensene mellom jazz, folkemusikk og verdsmusikk.
fredag 12. april
20:45
Elina Duni & Rob Luft
Den sveitsisk-albanske songaren Elina Duni har fått ein stor tilhengjarskare dei siste åra, og det med god grunn.
fredag 12. april
21:00
Jørgen Sandviks Permanent Vacation
Real Ones-gitarist Jørgen Sandvik viser vegen framover for bluesen!
fredag 12. april
21:45
Buicken
Dette vert ei oppleving for dei litteraturinteresserte så vel som dei musikkglade: poesi i tonar og ord – ærlege forteljingar og unike klangar.
fredag 12. april
22:00
Thea Hjelmeland
Som Pippi utfordrar Hjelmeland konvensjonar med styrke, villskap, spontanitet, leik og fantasi. Me gler oss til å danse og skrike saman med henne og den framifrå gruppa hennar på Vossa Jazz!
fredag 12. april
22:00
Kaada/Storløkken
Vossa Jazz har bede to av landets aller mest særeigne, spanande og bejubla komponist-musikarar om å skriva ny musikk til Vossa Jazz 2019: John Erik Kaada og Ståle Storløkken!
fredag 12. april
22:45
Susanne Lundeng Trio
For fyrste gong syng Lundeng eigne tekstar, og opner slik for nok ei side ved sitt kunstnarskap. Musikken er nedtona, melankolsk, sår og stormfull – det finst ein harmonisk villskap i Lundeng som får publikum til å skjerpa sansane og leva seg djupt inn i den vakre toneverda hennar.
fredag 12. april
23:00
Phronesis
Det britiske jazzmagasinet Jazzwise har kalla Phronesis «one of the most exciting bands on the planet», og det med god grunn!
fredag 12. april
23:00
Kresten Osgood Quintet
Til Voss tek Kresten Osgood denne gongen med seg ein kvintett beståande av nokre av dei aller sterkaste unge musikarane frå Danmark.
laurdag 13. april
01:00
Jazznytt18 – Audun Vinger i samtale med Hedvig Mollestad
Møt festivalmusikarar i intervju med Audun Vinger.
laurdag 13. april
11:00
Kulturvandring – utseld
Vandringa går frå Vangskyrkja via Finnesloftet til Mølstertunet.
Undervegs vert det passeleg store påfyll med godbitar frå den lokale kulturhistoria. På Finnesloftet vert det omvising og konsert med Sudan Dudan, på Mølstertunet vert det omvising og kort foredrag om bryggetradisjonar - og smaksprøvar.
laurdag 13. april
11:00
Badnajazzparade
Paraden går frå Torget, og i front finn du Paradebandet, Voss Skulemusikk, drilljentene og Badnajazzkoret.
laurdag 13. april
11:30
Badnajazz: Forfattartreff med Marit O. Kaldhol
Marit O. Kaldhol er festivalforfattar under Falturiltu 2019, men kjem først innom Vossa Jazz for å dele eit knippe av sine sterke og poetiske forteljingar med liten og stor.
laurdag 13. april
12:00
Erlend Apneseth Trio og Frode Haltli
Erlend Apneseth Trio kjem til Vossa Jazz for å feire slepp av ny plate! Og på dette prosjektet har dei utvida besetninga med akkordeonisten Frode Haltli.
laurdag 13. april
12:00
Sudan Dudan – utseld
Norsk folkemusikk og visekunst ispedd americana og ei teskei salmesong – uttrykt i ei skjør og vakker akustisk toneverd med gitar, munnharpe, langeleik, hardingfele, harmonium og tostemt vokal.
laurdag 13. april
12:00
Bedehus og Hawaii
«Bedehus og Hawaii» vart til då den kritikarroste gitaristen og komponisten Trond Kallevåg Hansen fekk i oppdrag å laga bestillingsverk til Sildajazz 2018.
laurdag 13. april
12:30
Badnajazz: Karl Seglem – Monsterjazz
Saman med elevar frå Voss Kulturskule, Voss Skulemusikk og eit knippe heilproffe musikarar inviterer Karl Seglem til ei open og leikande utforsking av sitt særeigne og spanande klangunivers.
laurdag 13. april
12:30
Martin Kohlstedt
Etter eit utal utselde konsertar rundt i Europa, kjem endeleg den tyske pianisten og komponisten Martin Kohlstedt til Vossa Jazz.
laurdag 13. april
14:00
Akershus og Oslo ungdomsjazzorkester og Bergen Ungdomsstorband
Ungdommeleg friskheit og rytmisk driv er det publikum kan venta seg når jazzungdom frå aust og vest møtast på Voss.
laurdag 13. april
14:00
Steinar Raknes Stillhouse
Med prosjektet STILLHOUSE tar Steinar Raknes med seg jazzbakgrunnen sin inn i americana-sjangeren, der blues, country og roots er hovudingrediensane.
laurdag 13. april
15:00
Hardanger Big Band med Nina Pedersen
«Roma møter Hardanger» - med Nina Pedersen sine komposisjonar, arrangert av Jens Wendelboe og framført saman med fantastiske Hardanger Big Band og italienske solistar.
laurdag 13. april
15:30
Eldrejazz: John Pål Inderberg Trio
Med ein fot i Nidelven og ein i den amerikanske «cool jazz’en», har saksofonist John Pål Inderberg funne ein unik plass i jazzverda.
laurdag 13. april
16:00
Spacemusic Ensemble
Spacemusic Ensemble består av ei rekkje fremadstormande musikarar frå band som Rohey og Megalodon Collective. På Vossa Jazz skal dei framføra det nye verket Spacemusic 2, som kombinerer akustisk og elektronisk lyd med tekst og stemme, og viser korleis improvisasjon og komposisjon kan berike kvarandre og gje plass til individuelle stemmer i musikken.
laurdag 13. april
16:00
Tingingsverket 2019: Hedvig Mollestad
Hedvig Mollestad skriv det 38. Tingingsverket til Vossa Jazz!
laurdag 13. april
18:00
Frode Haltli Avant Folk
Akkordeonvirtuosen Frode Haltli har samla ei rekkje framifrå solistar frå ulike generasjonar og sjangrar i den norske musikkverda for ei utforsking av grenselandet mellom folkemusikk, jazz og samtidsmusikk.
laurdag 13. april
20:00
Jakob Bro Quartet
Den danske gitaristen har befesta sin posisjon innan toppsjiktet i jazzverda med lyrisk, underfundig spel og innovative, drøymande komposisjonar,
laurdag 13. april
21:00
AURORA
Me er svært stolte over å presentera sjølvaste AURORA til Vossa Jazz 2019!
laurdag 13. april
21:30
Mathias Eick
Trompetist, komponist og bandleiar Mathias Eick har vore blant verdas største jazztalent sidan tidleg 2000-tal, og sjølvsagt òg ein Vossa Jazz-favoritt!
laurdag 13. april
22:30
Lassen
LASSEN er ein leiken, energisk gjeng med mykje særpreg som treff jazzhjartar med vidunderleg, melodisk fokusert jazz og glimt i auga.
laurdag 13. april
22:30
Recomposed – Iain Chambers & Dan Nicholls
Remiks av Tingingsverket til Hedvig Mollestad.
laurdag 13. april
22:45
Real Ones med gjester
I over to tiår har Real Ones imponert, fengja og overbevist på konsertscener og platespelarar i Noreg og internasjonalt.
laurdag 13. april
23:30
Gourmet
Gourmet er ein sprelsk, leiken og mangslungen musikalsk-kulinarisk oppleving utanom det vanlege!
laurdag 13. april
23:59
Jazznytt18 – Audun Vinger i samtale med Frode Haltli og Erlend Apneseth
Møt festivalmusikarar i intervju med Audun Vinger.
sundag 14. april
11:00
Tanaka/Lea/Strønen
To stjerneskot frå den nyaste generasjonen innan norsk jazz møter trommevisjonæren Thomas Strønen!
sundag 14. april
12:00
Badnajazz: Sangfoni med John Vinge og Badnajazzkoret
Den musikkbaserte NRK Super-serien Sangfoni har oppnådd enorm popularitet hjå songglade born og vaksne.
sundag 14. april
13:00
Trygve Seim: Helsinki Songs feat. Mathias Eick og Jon Balke
Av alle kulturane Trygve Seim har lete seg inspirere av, er det Finland han reknar som «sitt andre heimland». Helsinki Songs (ECM, 2018) er den foreløpige kulminasjonen av Seim si utforsking av landet med dei mange innsjøane og djupe skogane.
sundag 14. april
13:30
Superjazz
Jazz er ein sjanger tufta på improvisasjon, impulsivitet og speleglede. Superjazz presenterer i år «Supergruppo»: Ein gjeng med framifrå jazzarar med nedsette funksjonsevner, som verkeleg lever opp til desse grunnverdiane.
sundag 14. april
14:00
Torhild Ostad og Carsten Dahl
Det er over 20 år sidan Torhild Ostad gav ut den vakre folketonesamlinga Blomar i moll. No er ho tilbake, denne gongen saman med den danske pianisten Carsten Dahl – ein av dei aller mest kreative og spanande pianistane innan jazz og klassisk i Norden idag.
sundag 14. april
15:00
NMH blåkvalstorband
NMH sitt supre storband veks seg større for kvar sesong – tidlegare utgåver inkluderer mammut- og mastodont-versjonar!
sundag 14. april
15:30
Under stjernone
Velkomen til eit gjensyn med Olav H. Hauge-framsyninga Under stjernone, som hadde urframføring på Vossa Jazz 2005!
sundag 14. april
17:00
Espen Eriksen Trio og Andy Sheppard
Når det kjem til pianotrioar er Espen Eriksen Trio blant dei aller beste. Gruppa har vorte viden kjend for sin melodiske minimalisme, subtile komposisjonar og vakre, lyriske stemningar gjennom fire strålande album og konsertar i inn- og utland.
På sisteplata «Perfectly Unhappy» frå 2018 tok gruppa steget ut av trioformatet saman med stjernesaksofonisten Andy Sheppard.
sundag 14. april
18:45
Frida Ånnevik
Med spanande norske versjonar av låtar frå mellom andre Joni Mitchell, Spice Girls og Janis Ian lovar Ånnevik, Røyne og Løwe høg gåsehudfaktor og ei heilt spesiell konsertoppleving på Vossa Jazz!
sundag 14. april
20:30
Privacy OverviewThis website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.
Strictly Necessary CookiesStrictly Necessary Cookie should be enabled at all times so that we can save your preferences for cookie settings.
If you disable this cookie, we will not be able to save your preferences. This means that every time you visit this website you will need to enable or disable cookies again.