Badnajazz: Karl Seglem – Monsterjazz

laurdag 13. apr - 12:30

Saman med elevar frå Voss Kulturskule, Voss Skulemusikk og eit knippe heilproffe musikarar inviterer Karl Seglem til ei open og leikande utforsking av sitt særeigne og spanande klangunivers.

Kunstnaren Gunvor Rasmussen er med som «teiknande musikar»: Ho gjendiktar musikken med papir, blekk og akvarell undervegs, og dette vert vist på skjerm bak musikarane. Monster kan oppstå! Ei visuell forlenging av lyden, klangen og interaksjonen mellom musikarar og publikum.

Karl Seglem – saksofon, bukkehorn
Andreas Ulvo – tangentar
Sigurd Hole – bass
Kåre Opheim – trommer – perkusjon
Gunvor Rasmussen – teikning, blekk og akvarellfargar
Elevar frå Voss Kulturskule og Voss Skulemusikk