Frode Haltli AVANT FOLK er eit stjernelag av musikarar – eit spelemannslag heilt utanom det vanlege. Akkordeonvirtuosen Frode Haltli har samla ei rekkje framifrå solistar frå ulike generasjonar og sjangrar i den norske musikkverda for ei utforsking av grenselandet mellom folkemusikk, jazz og samtidsmusikk.
Trekkspelar og komponist Frode Haltli utvikla tidleg svært stor dugleik på sitt instrument, i tillegg til ei djup musikkforståing. Med desse talenta har han berika norsk og internasjonal musikk på tvers av sjangrar i over 20 år. Han har blant anna gjeve ut fleire album på prestisjetunge ECM, spelt inn Arne Nordheim sin musikk for akkordeon, samarbeidd med artistar som Trygve Seim, Maja Ratkje, Ragnhild Furebotn, Bent Sørensen og gruppa POING, laga musikk til teater og ulike bestillingar som Grenseskogen til Osafestivalen 2015.
Plata Avant Folk vart utgjeven på plateselskapet Hubro i 2018, og hausta så mange fine og treffande ord at me lyt sitere eit lite utval her:
«Dette er Frode Haltlis vakre verden. Den kombinerer skjønnmaleri med styggedom, og beveger seg mellom kirken og skogen.» – Arild R. Andersen, Jazz i Norge
«Plata har opplagte kvaliteter som blir bedre med flere gjennomlyttinger. Improvisasjonene er originale, melodiene sitter og samspillet er velklingende i alle ledd. Dette er kort og godt verdensklasse.» – Kjetil Asdal Bjørgan, Klassekampen
«Et album som er et av de mer fascinerende stykker lyd jeg har hørt på en stund, og som, selv om det til tider kan omtales som avansert musikk, burde kunne treffe et større, spesielt musikkinteressert og nysgjerrig publikum. Det er en knockout, på emosjonelt og tankemessig plan.» – Audun Vinger, Dagens Næringsliv
English:
Norways» leading accordion player Frode Haltli has released multiple records on ECM, and collaborated with artists such as Trygve Seim, Maja Ratkje, Ragnhild Furebotn, Bent Sørensen and the group POING. With AVANT FOLK he has gathered a group of superb musicians from different genres to explore the common ground between Norwegian folk music, jazz and contemporary music. The record «Avant Folk» (Hubro, 2018) recieved rave reviews all over, and was praised for it’s subtle, innovative and fascinating blend of influences and skilled musicianship.
This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.
Strictly Necessary Cookies
Strictly Necessary Cookie should be enabled at all times so that we can save your preferences for cookie settings.
If you disable this cookie, we will not be able to save your preferences. This means that every time you visit this website you will need to enable or disable cookies again.