• Denne hending er over.

Eldrejazz: John Pål Inderberg Trio

laurdag 13. apr - 16:00

Med ein fot i Nidelven og ein i den amerikanske «cool jazz’en», har saksofonist John Pål Inderberg funne ein unik plass i jazzverda. Gjennom ei lang og innhaldsrik karrière har han spelt med internasjonale stjerner som Chick Corea, Lee Konitz, Chet Baker og Gil Evans og nasjonalskattar som Steinar Raknes, Bjørn Alterhaug og Trondheim Jazzorkester.

I trio med Håkon Mjåset Johansen og Trygve Waldemar Fiske blandar norsk folkemusikk seg med amerikanske jazztradisjonar, i eit uttrykk som osar av speleglede, kvalitet og djup musikalsk forståing.

John Pål Inderberg – saksofon
Håkon Mjåset Johansen – trommer
Trygve Waldemar Fiske – bass

Eldrejazz er på turné, så før konserten i Velferdsentralen har det vore Eldrejazz hjå Voss sjukeheim og Vetleflaten Omsorgssenter!

English:
This year’s Eldrejazz (jazz for the elderly) consists of John Pål Inderberg Trio. Sax player Inderberg has played with such greats as Chick Corea, Lee Konitz and Chet Baker, and has found his place musically somewhere between American cool jazz and Norwegian influences. He will bring musical wisdom and joy to old people’s homes in Voss together with Håkon Mjåset Johansen and Trygve Waldemar Fiske.