Lastar Hendingar

Thea Hjelmeland

  • Denne hending er over.
fredag 12. april

Kl 22:00

Konserten inngår i billetten huskort fredag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten. 18 års aldersgrense.

Den tidlegare Vossa Jazz-prisvinnaren Thea Hjelmeland sitt album Kulla er utan tvil blant dei mest oppsiktsvekkande og samansette utgjevingane i år. På den eine sida er mange av låtane funky og fengande – velproduserte og dansbare popperler med melodiar ein lett vert gåande å nynne på. Men samstundes er ikkje musikken utan brodd: dette alt anna enn glatt, lettfordøyeleg radiomusikk. Med ei blanding av blodig alvor og skjelmsk, mørk humor syng Hjelmeland blant anna om fødsel, overgrep, surrogati, menstruasjon og kroppsvæsker – ikkje nokon daglegdags motivkrets innanfor popsegmentet! Platetittelen Kulla gjev assosiassjonar til Pippi Langstrømpe og Ville Villekulla, og dette er ikkje tilfeldig. Som Pippi utfordrar Hjelmeland konvensjonar med styrke, villskap, spontanitet, leik og fantasi.

– Albumet handler om å være fri i seg selv, og å tørre å ta plass uten å skamme seg eller leve i frykt for å være for mye. Musikken er energisk og leken, rytmisk og melodiøs. Jeg trengte noe å danse og skrike til nå, seier Hjelmeland sjølv om plata.

Me gler oss til å danse og skrike saman med Hjelmeland og den framifrå gruppa hennar på Vossa Jazz 2019!

Thea Hjelmeland – vokal og div.
Matias Tellez – gitar
Chris Holm – bass
Ivar Thormodsæter – trommer
Njål Paulsberg – synth
Kyrre Heldal Larsen – lysteknikk

Konserten inngår i billetten huskort fredag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten.

English:
Thea Hjelmeland released one of the most remarkable and exciting pop albums of 2018. «Kulla» combines catchy and edgy pop music with fierce and profound lyrics. The Bergen-based artist challenges the boundaries of her genre with brutal honesty and vulnerability, playfulness and great energy.

Hjelmeland has said this about the album: «Kulla is an album about personal freedom, and daring to be yourself fully without being ashamed or afraid of being «too much».»