• Denne hending er over.

Gourmet

laurdag 13. apr - 23:59

Konserten inngår i billetten huskort laurdag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten. 18 års aldersgrense.

Gourmet er ei sprelsk, leiken og mangslungen musikalsk-kulinarisk oppleving utanom det vanlege! Den finske supergruppa oppstod i 1997, då saksofonist Mikko Innanen og gitarist Esa Onttonen stilte kvarandre spørsmålet: “What if Duke Ellington, Tom Waits, Carlos Gardel and Charlie Haden met at a kebab kiosk somewhere in rural Finland?” Svaret ligg og lurar i det samansette uttrykket til bandet, der finsk tango finn saman med balkansk energi, gresk bouzouki, moderne avantgarde jazz og latinske danserytmar med humør, virtuositet og speleglede.

Mikko Innanen – saksofonar
Esa Onttonen – gitar
Ilmari Pohjola – trombone
Veli Kujala – akkordeon
Petri Keskitalo – tuba
Mika Kallio – trommer

Konserten inngår i billetten huskort laurdag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten.

English:
Gourmet presents a musical-culinary experience off the beaten track! The Finnish supergroup was established in 1997, when sax player Miko Innanen and guitarist Esa Onttonen asked each other: “What if Duke Ellington, Tom Waits, Carlos Gardel and Charlie Haden met at a kebab kiosk somewhere in rural Finland?” The answer lies hidden somewhere in Gourmet’s complex and playful mixture of melancholic tango, Balkan rythms, greek bouzouki and avant garde jazz.