This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.


Vossakveik
- Denne hending er over.
torsdag 11. april
Kl 16:30
Voss – bygd for framtida?
Thomas Giertsen: Kvifor mislukkast flinke folk?
Thomas Giertsen skal dela raust av sine erfaringar, og forklara kor viktig det er å ha hovudet med seg når avgjersle skal takast: Hald hovudet kaldt! og Tenk deg om ein gong til! er truleg av dei råda me får som born. Det er ikkje mogleg å endra på det me opplever og moglegheitene me får. Men me kan tenkja annleis om dette. Klarar me det, er sjansen større for – ja, nettopp – å lukkast!
Med utgangspunkt i beslutningsteoriane til den israelsk-amerikanske psykologen Daniel Kahneman gjev Thomas Giertsen eit muntert og samstundes tankevekkjande bidrag til forståinga av kvifor nokon lukkast og andre ikkje – og kva som skal til for å leggja tilhøva best mogleg til rette for å lukkast med det ein held på med. Thomas Giertsen er ein av Noregs mest kjende humoristar med ei lang karriere innan standup, scene- og tv-produksjon. Han er dessutan gründar av produksjonsselskapet Feelgood Scene, Film og TV, og er godt kjend frå tv-programma Helt perfekt og Mandagsklubben.
Tina Kjerland: Identitet i spagaten
Tina Kjerland er både vossing og gravensar. Ho er kulturvitar, skribent, bedriftsøkonom og prosjektleiar – og i vinter har ho sett nærare på kva som skjer når Granvin skal gå frå eigen kommune til bygd i Voss herad. Ho vil snakka om kva rolle identitet spelar i ei kommunesamanslåing og kven er eigentleg nye Voss herad?
Det vert eksklusive smakebitar frå Tingingsverket, av og med Hedvig Mollestad.
Dørene opnar 15.00. Inkludert i prisen er ei Vossa Jazz-pølse og ei eining drikke. Festivalpass gjeld ikkje på Vossakveik.
Alle er velkomne!