• Denne hending er over.

Buicken

fredag 12. apr - 22:00

Buicken set kurs for Vossa Jazz med poesi på reservetanken og passe mengder rock, blues og jazz i bagasjerommet. Fyrsteplata Vi priser veiene kom i november: Eit meistermøte mellom forfattar Lars Saabye Christensen sine lyriske sider og journalist Tom Stalsberg sin skarpe penn, tonesett av eit ambulerande utval av landets beste og mest særeigne musikarar. Til Vossa Jazz tek Christensen og Stalsberg med seg gitarhelten Amund Maarud og felemeisteren Ola Kvernberg – for eit komp!

Dette vert ei oppleving for dei litteraturinteresserte så vel som dei musikkglade: poesi i tonar og ord – ærlege forteljingar og unike klangar.

Lars Saabye Christensen
Tom Stalsberg
Ola Kvernberg – fiolin
Amund Maarud – gitar

Konserten er eit samarbeid med Voss bibliotek.

Det er ekstra stor stas at Lars Saabye Christensen også skal opna den 46. festivalen, fredag 12. april klokka 19:00 i Vossasalen!

English:
Beloved Norwegian writer Lars Saabye Christensen comes to Vossa Jazz with his band “Buicken” (“The Buick”): Words and lyrics by Christensen and journalist Tom Stalsberg, and musical backing by guitar hero Amund Maarud and fiddle virtuoso Ola Kvernberg. This is an experience for literature lovers as well as music connoisseurs – honest stories and unique sounds!

Saabye Christiansen will also hold the opening speech for the festival.