Lastar Hendingar

Fieh

  • Denne hending er over.
fredag 12. april

Kl 00:00

Konserten inngår i billetten huskort fredag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten. 18 års aldersgrense.

2018 har vore eit svært bra år for den friske, jazza soul-pop-r&b-gruppa Fieh, hjartebarnet til primus motor Sofie Tollefsbøl. Med strålande konsertar på mange av dei viktigaste scenane i landet (Øyafestivalen, Vinjerock, Slottsfjell, Moldejazz m.m.) vart dei nominerte til P3 Gull-prisen «Årets liveartist». Dei landa ein platekontrakt med det legendariske engelske Decca Records (som takka nei til The Beatles, og ja til The Rolling Stones), og sjølvaste Elton John roste singelen Glu på Elton John Rocket Hour. Me er lukkelege over å kunne melda at den ljose framtida til bandet inkluderer ein konsert på Vossa Jazz!

Sleipe, groovy båkpå-rytmar, basslinjer som set seg i hoftene og mjuk, melodiøs vokal som kiler øyregangane. Om ein er er glad i Erykah Badu og D’Angelo og tidlegare Vossa Jazz-artistar som Rohey og Charlotte Dos Santos er dette ein konsert ein lyt setje ring rundt i kalendaren.

Sofie Tollefsbøl – vokal
Ola Øverby – trommer
Andreas Rukan – bass
Solveig Wang – vokal
Thea Arnesdotter Lien – vokal
Jørgen Kasbo – gitar
Lyder Øverås Røed – trompet
Edvard Synnes – keyboard

Konserten inngår i billetten huskort fredag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten.

https://www.youtube.com/watch?v=FY3QaOA5FPU