This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.


Jazzlinja i Trondheim: A Jazz Odyssey!
- Denne hending er over.
fredag 12. april
Kl 13:00
Andreklasse på jazzlinja ved NTNU i Trondheim tek oss med på ei episk reise med prosjektet 2019: A Jazz Odyssey. Til liks med Kubrick-klassikaren frå 1968 som dei hentar namnet frå, tek studentane tematisk utgongspunkt i mennesket si lengt mot å vera del av noko større enn seg sjølv.
Det massive jazzorkesteret består av tolv av dei mest spanande unge talenta på den nordiske jazzscena. Gruppa kombinerer originale komposisjonar, synergisk improvisasjon og organisk samspel i eit rått og uforutsigbart musikalsk univers.
«Open the pod bay doors, HAL!»
Mona Krogstad – saksofonar
Alexander Dellerhagen – saksofonar
Iver Christopher Cardas – gitar
Peder Overvik Stuberg – gitar
Amund Totland – gitar
Joakim Rainer Petersen – tangentar
Petter Dalane – tangentar
Andreas Svabø – bass
Alf Høines – bass
Rino Sivathas – trommer
Martin Mellem – trommer
Elias Tafjord – trommer
Denne konserten er gratis.