• Denne hending er over.

Bedehus og Hawaii

laurdag 13. apr - 12:30
GRATIS

«Bedehus og Hawaii» vart til då den kritikarroste gitaristen og komponisten Trond Kallevåg Hansen fekk i oppdrag å laga bestillingsverk til Sildajazz 2018.

Verket er inspirert av dei mange somrane haugesundaren var hjå besteforeldra på Bømlo som ung, der bedehuskulturen og sterke musikalske inntrykk blanda seg med måkeskrik, bølgeskvulp, seine bilturar og halvvakne draumar frå baksetet. Den varme gitarlyden og dei lyriske komposisjonane til Kallevåg Hansen har noko filmatisk og nostalgisk over seg.

Mellom dei strålande medmusikantane er Geir Sundstøl – strengevirtuosen som har løfta musikken til blant andre A-ha, deLillos, Nils Petter Molvær og Bjørn Eidsvåg til nye høgder med smakfullt spel og fantastisk feeling.

Trond Kallevåg Hansen – gitar, komposisjon
Geir Sundstøl – pedalsteel, div. strengeinstrument
Adrian Løseth Waade – fiolin
Alexander Hoholm – kontrabass
Ivar Myrset Asheim – trommer

Denne konserten er gratis.

English:
Bedehus og Hawaii (Chapel and Hawaii) was made for the Haugesund-festival Sildajazz 2018 by the critically acclaimed guitar player and composer Trond Kallevåg. The work is inspired by childhood summers spent in Bømlo, in the southwestern part of Hordaland. The warm guitar sound and lyrical compositions of Kallevåg has a nostalgic, filmatic and captivating quality, brought forth by a group of amazing musicians.